Den populære barnebokforfattararen er gjest i Bokekspedisjonen på NRK TV samstundes som ho er aktuell med ny lettlesbok. Om nokre veker drar ho til bokmessa i Frankfurt.
mm
Fakta: Maria Parr
  • Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.
  • Har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.
  • Debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.
  • I 2009 gav ho ut andreboka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009.
  • I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.
  • Hausten 2017 kom boka Keeperen og havet, som òg vann Brageprisen.
LES FAKTALUKK FAKTA

Sist veke fekk Maria Parr besøk av NRK og programmet Bokekspedisjonen heime i Vanylven på Søre Sunnmøre. Torsdag kveld blir programmet sendt på NRK2.

– Ja, tenkt at dei kom heilt til Vanylven! Det var stas. Det er fint å få vise fram ein glimt av staden der eg bur, for eg er så glad i han. Og så synest eg alltid slike ting er litt skummelt også, og gruer meg ein del, seier Maria Parr.

Ho vart òg så glad for at det kom folk og var med under innspelinga.

Kjem med lettlesbok

Maria Parr kjem i desse dagar med si førte lettlesbok; boka Storebror. Boka handlar om ein gut som skulle ønskt han hadde ein storebror.

Maria Parr er sjølv storesyster.

– Eg ønskte meg veldig ei storesyster då eg var lita. Det var så skummelt å måtte gjere alt først i familien. 

– Korleis var det å skrive ei lettlesbok?

– Det er vanskeleg og meiningsfullt og veldig kjekt. Det burde jo vore innlysande før no at dette er viktige bøker, men eg trur eg måtte sjå det med sjølvsyn før det sokk inn. No har eg barn som lærer seg å lese, og leseland-bøkene er så viktige. Det var motiverande.

– Er du i gang med å skrive på ei ny bok?

– Eg skriv alltid på noko, men det er ikkje alt som blir bok. 

– Kva meiner du ei barnebok MÅ innehalda?

Ei barnebok kan handle om absolutt ALT. Men viss ei barnebok er veldig trist, så synest eg det må vere håp om at det kan bli bra ein gong også.

Storebror er den første lettlesboka til Maria Parr. Foto: Samlaget

– Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er…

– å forsvinne inn i ei anna verd.

Kan du hugsa ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn?

Ja, mange. Men kanskje Ronja Røverdatter aller mest. 

LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland

På verdas største bokmesse i Frankfurt

I år er Noreg hovudland under verdas største bokmesse i Frankfurt 16.-20.-oktober. Maria Parr er blant dei norske barnebokforfattarane som har nådd ut lengst i verda. I fjor blei dei tre bøkene hennar omsett til elleve språk. Ho toppa dermed lista over omsette norsk barne- og ungdomsforfattarar.

– Korleis blir det å bli med til bokmessa i Frankfurt?

– Det lurer eg også på, for der har eg aldri vore før. Det blir nok kjekt og litt overveldande!

Oppdatert: torsdag 19. september 2019 13.25

Lik Framtida.no på Facebook: