Dei nasjonale forskingsdagane handlar i år om miljø. Ein ønskjer blant anna å vite kva forskarane gjer, og kva den enkelte kan gjere.
Jens Haugan, dosent ved Høgskolen i Innlandet
Jens Haugan, dosent ved Høgskolen i Innlandet

Miljø kan vere så mykje, og ein kan då til dømes også sjå på språk som ein miljøfaktor. På 1800-talet kunne ein dele norsk i  tre ulike varietetar: alle dei norske dialektene som 90 prosent av folket brukte, den såkalla danna, danskpåverka daglegtalen til folk i kjøpstadene, og skriftspråket, som var dansk. I dag har språkmiljøet endra seg. Ein kan stort sett bruke dialekt overalt, og ein har to norske skriftspråk.

Det krev haldningsarbeid og innsats å ta vare på miljøet. Dette gjeld også språket. Det er ikkje alltid så lett å endre haldningar og vanar når ein tenkjer at ein har nok med seg sjølv, og at ein ikkje treng å tenkje på andre og konsekvensane i ein større kontekst. Viss ein kastar søppelet sitt i havet, er det ikkje sikkert ein ser konsekvensane før bølgjene slår tilbake, og då kan det vere for seint.

Dei fleste er opptekne av at ein bør ta vare på mangfaldet i naturen. I Noreg har ein til dømes ein offisiell rovdyrpolitikk – på same som ein har ein språkpolitikk. Rovdyra er i utgangspunktet verna, men dei har svært regulerte forhold, og det er inga hemmelegheit at det finst mange som ikkje ser verdien i mangfaldet, og som vil ha bort rovdyra. Mange arbeider aktivt mot den offisielle politikken og argumenterer for at rovdyra ikkje høyrer heime i Noreg, og at dei i beste fall bør vere inngjerda. På same måte finst det mange som meiner at nynorsken har utspela si rolle, og at den bør bli «utrydda» frå opplæringssystemet, og at den bør «inngjerdast» i Sogn og Fjordane eller kommunar som ikkje veit sitt eige beste. Mange trur også at dyrehagar er ei god erstatning for naturleg mangfald i naturen.

Naturlege miljø utgjer gjerne ein balanse der alt bidreg til heilskapen. Faktum er at bokmålet ikkje ville ha sett ut slik det ser ut i dag, dersom det ikkje heile tida hadde hatt nynorsken som ein referanse, som ein medspelar og motspelar. Sjølv om ein personleg synest noko er stygt, plagsamt eller farleg, kan det hende at miljøet vil ha godt av at ein gjer det leveleg for alle.

Vi forskarar kan gjerne fortelje om dei kognitive og sosiale fordelane med språkleg mangfald og fleirspråklegheit. Den enkelte kan på si side prøve å respektere andre sine språk og uttrykksmåtar. På den måten sikrar ein at ein også sjølv får prate og skrive som ein sjølv ønskjer.

Lik Framtida.no på Facebook: