Etter massive protestar snur Utdanningsdirektoratet og føreslår å nemna songen spesielt i utkastet til ny læreplan norsk.
mm

Forslaget om å fjerna songen frå læreplanen i norsk skapte sterke reaksjonar då Utdanningsdirektoratet la fram forslaget til nye læreplanar i vår. 34 nasjonale organisasjoner gjekk saman om eit opprop for å styrka, ikkje svekka, songen i skulen.

I eit nytt forslag frå Utdanningsdirektoratet er no songen inne igjen i norskfaget frå 1.-4. trinn.

Jarle Flemvåg er leiar for Krafttak for sang. Foto: Krafttak for sang

– Det er veldig bra dei har lytta til dei store protestane. Det har vore eit stort engasjement for song i skulen, seier Jarle Flemvåg, leiar for Krafttak for sang.

Han synest det er bra at songen ikkje blir isolert til musikkfaget i skulen, men på denne måten blir ein del av skulekvardagen til elevane.

– Songen i skulen har både ein eigenverdi, men også ein stor metodisk verdi, påpeikar han.

Gjer songen valfri på mellomtrinnet

I den gjeldande læreplanen i norsk er song også nemnt i læreplanmåla for 5.-7. trinn, men i det aller siste forslaget er ikkje song nemnt med eitt ord i norskfaget for desse klassetrinna.

Jarle Flemvåg i Krafttak for sang kunne ønskt seg musikk i norskfaget i heile grunnskulen.

– Det er ekstra viktig å jobba med song på mellomtrinnet og fram mot ungdomsskulen, når me veit at det i dag knapt blir sunge i ungdomsskulen.

Flemvåg ser på det siste utkastet til læreplan som ein halv siger.

– Men det er likevel ein viktig symbolsk siger, held han fram.

Song fylte dagsordenen på Stortinget

Tysdag fylte song i skulen heile dagsordenen til Stortinget. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) blei utfordra av Torstein Tvedt Solberg (Ap) i ein interpellasjon.

– Det er godt dokumentert at song og musikk kan bidra til læring og motivasjon i ei rekke fag, seier Torstein Tvedt Solberg (Ap). Foto: Stortinget

– For meg er det ingen tvil: Song er viktig. Song er balsam for hjartet og næring for sjela, sa Torstein Tvedt Solberg, og heldt fram:

– Song er viktig for fellesskapet, kulturarva, identiteten og ei kjelde til læring. Songen er for viktig til å kunne veljast vekk i skulen.

Solberg viser òg til at rundt 40 prosent av lærarane som underviser i musikk ikkje har fordjuping i faget.

Han utfordra kunnskapsministeren til å svara på kva han har gjort for å sikra plassen til song i skulen, og kva han vil gjera for å styrka songen i skulen.

Jan Tore Sanner måtte svara om songen sin plass i skulen. Foto: Stortinget

Sanner: – Song har ein naturleg plass i skulen

– Eg vil understreka at song er ein viktig del av norsk skulekvardag, og at song har ein heilt naturleg plass i skulen også etter fagfornyinga, sa kunnskapsminister Jan Tore Sanner i Stortinget.

Han understreka at sjølv om ordet song er fjerna frå den overordna delen av læreplanane, så er betyr ikkje det at song er fjerna frå innhaldet til skulen.

– Eg har registrert at i forslaget til ny læreplan i norsk er song og songtekstar skrive inn i nokre nye kompetansemål. Vurdering mi så langt er at Utdanningsdirektoratet har gjort dette på ein god måte, sa Sanner.

Han sa at ambisjonen til regjeringa er å heva kompetansen i, og statusen for, dei praktisk-estetiske faga.

– Eg håpar å sjå endå meir song i skulen framover, avslutta han.

Kva som blir dei gjeldande læreplanane i norsk og andre fag blir endeleg avgjort av Kunnskapsdepartementet seinare i haust.

Sjå debatten på Stortinget her!

Dette seier dagens læreplan i norsk om song:

1.-2. trinn:

  • uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
  • samtale om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt

3.-4. trinn:

  • samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk

5.-7. trinn:

I det siste utkastet til læreplan står dette:

1.-2. trinn:

  • uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar.

3.-4. trinn:

  • lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekster, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtala om kva tekstane betyr for eleven.
  • Song er også ein del av fleire av kompetansemåla i utkastet til ny læreplan i musikk.

Sjå det siste utkastet til læreplan i norsk her!