Ein jury har kåra dei ti beste bildebøkene for barn som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag.
mm

Som ein del av Bokåret 2019 har Nynorsksenteret, Pirion, Framtida.no og Framtidajunior.no tatt initiativ til å kåra dei beste barnebøkene på nynorsk etter 2000 for å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar.

– Det er mange gode nynorske bildebøker og det kunne vore mange fleire bøker med på lista. På denne lista har me fått ei breidde me er fornøgde med. Her er det bøker for barn i mange aldrar, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Ho har leia juryen saman med Liv Astrid Skåre Langnes. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom.

Dei beste barnebøkene er allereie kåra, og dei andre sjangrane vil bli offentleggjort seinare i haust.

Tilsette ved Nynorsksenteret i nominasjonsprosessen og idemyldrar saman med juryleiarane. Foto: Ingvild Myklebust Hovden, Nynorsksentere

Berre éi bok per forfattar

Juryleiarane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes fortel at juryen har arbeidd etter tre prinsipp:

– Eit av prinsippa har vore at boka skal vera utgitt etter år 2000, boka skal heller ikkje skal vera omsett, men nynorsk originallitteratur. Det tredje prinsippet har vore at kvar forfattar berre kan vera representert med ei bok, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Troels Posselt frå Foreningen Les, kritikar og litteraturformidlar Janne Karin Støylen og lesegledar Trond Strand har òg vore med i juryen.

– Prinsippet om ei bok per forfattar inneber at fleire forfattarskapar blir representert i kåringa, dermed får me kasta lys over ein større del av den nynorske barnebokhylla gjennom den merksemda kåringa gjev. Ei tilsvarande liste med fleire titlar av færre forfattarar ville gi eit smalare og svakare bilde av den store litterære rikdommen som finst i dei nynorske barne- og ungdomsbøkene, seier jurymedlem Janne Karin Støylen.

Samlar bøkene i katalog

I etterkant av dette prosjektet vil Nynorsksenteret samla bøkene i ein katalog.

– I katalogen vil me gi ein fyldigare presentasjon av alle dei nominerte bøkene. Me vil i tillegg presentere fleire av bøkene til ein del av dei nominerte forfattarane. I tillegg vil me presentera nokre bøker som fell utanfor våre utvalsprinsipp, til dømes klassikarar før år 2000, bøker av utanlandske forfattarar og bøker i andre sjangrar som dikt og teikneseriar, fortel Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Målet er at katalogen skal bli eit godt verktøy for barnehagelærarar, lærarar, bibliotekarar, foreldre og andre som skal hjelpe barn og ungdom å velje nynorske bøker, seier juryleiarane.

Frå Nynorske barnebokfest i Førde. Foto: Alf Vidar Snæland

Eit løft for nynorsk barnelitteratur

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til eit løft for gode nynorske lese- og litteraturopplevingar for barn i samband med Bokåret 2019.

Gjennom prosjektet skal det arrangerast 50 arrangement 50 stader i Noreg.

Her er lista over dei ti beste bildebøkene for barn:

Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal

Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Kjell drøymer om noko anna. Pølsetjuven ligg i grenselandet mellom biletbok og teikneserie. Det er ei bok med intertekstualitet og humoristisk vinkling på det å finne seg sjølv.

 

Himmelspringaren av Sissel Horndal

Dette er ei klassisk heltehistorie om den vesle svake som ikkje liknar dei andre. Det lilla lammet finn motet i seg sjølv og bergar flokken. Når du opnar denne boka, kjem du inn i eit landskap der du får lyst til å bla vidare.

 

Jakob og Neikob og naboen av Kari Stai

I denne fjerde boka om Jakob og Neikob får dei ein nabo. Jakob vert glad og nysgjerrig, medan Neikob vert svært skeptisk og vil setje opp eit gjerde. Temaet framandfrykt vert omtala på ein slik måte at det treffer både vaksne, skulebarn og barnehagebarn. Ei forteljing med overraskande og kreative moment, både språkleg og visuelt.

 

Timothy mister seg sjølv av Vegard Markhus

Dette er ei ellevill forteljing med eventyraktig forteljestil om det å finne seg sjølv. Timothy mister seg sjølv del for del, reint bokstaveleg. Og etterpå limer han seg sjølv saman igjen med superlim. Dette er ei surrealistisk og artig bok om kroppen.

 

Gabba gabba hey av Frode Grytten og Gry Moursund (ill.)

Knut vil ikkje på tivoli. Knut er livredd for tivoli. Men kva gjer du når du har ein far i hawaiiskjorte som elskar tivoli? Boka fortel ei forteljing om det å vere redd og at barnet si stemme er viktig. Tekst og bilete lagar eit fyrverkeri av ei bok, som både tivolielskarar og tivolihatarar elskar.

 

Pling Vaken av Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng (ill.)

Klara får ikkje sove, og vi kjenner att klassikaren om Albert Åberg. ”Pling vaken” kan lesast som ei nyskriving av denne, og når nye bøker gnistrar som dette, kan ein gje sundlesen syttitals-litteratur avløysing. Boka er sprudlande med fargar og mønster som understrekar kjensla av å vere «pling vaken».

 

Flekkmonsteret byggjer harefelle av Vetle og Hallgeir Opedal og Per Dybvig (ill.)

Dette er ei leiken monsterforteljing med lukkeleg slutt. Ein dag bestemmer Flekkmonsteret seg for å bygge ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, og snart er fella smekkfull. Historia er humoristisk og illustrasjonane er styggfine, fargerike og energiske.

 

Henrik And av Anna R. Folkestad

Henrik And vil heller vere eit anna dyr og gjere heilt andre ting enn ei and. I denne boka leikar Henrik seg med tanken om kor fint det ville vere å kanskje vere ein hund eller ein katt. Gjennom detaljrike og humoristiske illustrasjonar får vi sjå den omforma anda i vittige situasjonar. Ellevilt og gøy om at det er best å vere seg sjølv.

 

Bronto Biff av Nhu Diep

Bronto Biff er ein uvanleg dinosaur. Han et berre einsfarga, svart mat. Men ein dag bestemmer han seg for å prøve noko nytt, han går på restaurant og bestiller alt dei har på menyen. Det er herleg! Dette er ei humoristisk bok om å utfordre seg sjølv! Fargebruken understrekar tematikken, som engasjerer små barn. Barn elskar denne boka, og plukkar den igjen og igjen.

 

Førstemamma på Mars av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby (ill.)

Førstemamma på Mars er ei sterk forteljing om korleis barn opplever alvorleg sjukdom hos ein av foreldra. Det er ikkje lett å takle at mor er sjuk, verken for far eller for den vesle jenta. I denne forteljinga møter vi den vesle jenta sine fantasiar og førestillingar om at den supre og humørfylte mora framleis finst i kvardagen.

Bli med på den uhøgtidlege avstemminga, og stem på kva som er di favorittbok!

Oppdatert: tysdag 12. november 2019 10.24

Lik Framtida.no på Facebook: