Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen.
mm

Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det er med digitale ressursar på nynorsk. Her har me samla ei liste over digitale ressursar på nynorsk til bruka på barnetrinnet.

Nynorsksenteret.no har fleire fine digitale ressursar for både lærarar og elevar på barnetrinnet. Her finn du mellom anna teikneseriar og teikneseriekurs, boktips og interaktive aktivitetssider. Sjå gjerne videoen deira under om digitale læremiddel:

Framtidajunior.no har nyhende, skrivekonkurransar, bokmeldingar, kvissar, videoar, avstemmingar, journalistkurs, faktaartiklar og mykje anna kjekt for elevar på barnetrinnet. På lærarsidene deira finn du forslag til fleire undervisingsopplegg.

Tunkatten.no kan barna lesa og høyra spennande forteljingar, songar og lydbøker. Eller kanskje bli med på ein ordleik?

Foreningen Les har fleire utdrag frå nynorske bøker for mellomtrinnet samla på Tidforti.no. I Leseskogen kan du finna fleire nynorske historier for 1.-4.trinn, blant anna éi nyskriven historie frå Tor Arve Røssland.

Samlaget har fleire av dei nyaste bøkene sine på Lesemeister.no. Her er det mogleg å få prøveabonnement no.

Her finn du dei beste nynorske barnebøkene!

Lesesenteret, Skrivesenteret og Språkløyper har samla fleire nynorske læringsressursar for barnetrinnet.

Utdanningsdirektoratet har samla fleire tips til nynorskundervising for barnetrinnet.

I tillegg kjem digitale læremiddel i nynorskversjonar hos fleire forlag.

Har du tips om fleire ressursar, eller nokon du kunne ønskt deg? Tips oss gjerne på svein @ framtida.no!

Oppdatert: torsdag 2. april 2020 10.48