Kan ein digital festival erstatte ein fysisk festival?
mm

Med 720.000 kroner frå Kulturrådet og Forskingsrådet set Nynorsk kultursentrum i gang med å forske på om det digitale innhaldet kan gifestivaldeltakarar eit fullverdig tilbod.

Litteraturfestivalane er ein viktig del av litteraturformidlinga i Noreg, heiter det i søknadene frå stiftinga.

Nynorsk kultursentrum driftar tre slike festivalar. Dei nynorske festspela i Ørsta, Poesifestivalen i Ulvik og Litteraturdagane i Vinje.

Vil gjere det lettare for festivalane

Saman med Telemarksforsking, Høgskolen i Innlandet og festivalen Bøker i Bø skal Nynorsk kultursentrum no undersøkje, utforske og skape modellar og verktøy for digitalt festivalinnhald. Målet er å gjere det lettare for små og mellomstore festivalar å skape digitalt innhald som alternativ og supplement til ordinært program, utan at den lokale forankringa og den sosiale festivalkjensla går tapt.

Festivalgjestene verdset gjerne festivalane som leverandør av ein sosial møteplass i eit interessefellesskap. Er det mogleg å skape ein slik sosialmøteplass digitalt?

Korona har framskunda behovet

Kristian W. Rantala er dagleg leiar ved Vinje-senteret,som Nynorsk kultursentrum opnar neste haust. Rantala har skrive søknaden og koordinerer forskinga, og han gler seg over tilliten frå Kulturrådet og Forskingsrådet. Rantala forklarer bakgrunnen for søknaden slik:

– Pandemien har framskunda både behovet og interessa for digitale arrangementsalternativ for store delar av kulturfeltet. For oss som driv små og mellomstore litteraturfestivalar, utgjer kostnadene til dei digitale løysingane ei stor utfordring. Vi er også opptekne av å halde fram medlokal forankring og syte for at festivalane er gode sosiale møteplassar, seier Rantala i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

– Vi vil forske på dei digitale forsøka som er gjort i sommar, undersøkje korleis publikum har opplevd dei,og med det finne ut av kva som fungerer godt, og kva vi kan gjere meir av, held han fram.

Forskingsrådet og Vestfold og Telemark fylkeskommune har tidlegare i år løyvd 320.000 kroner til det same prosjektet gjennom ordninga Innovasjonsregion Telemark.

Oppdatert: fredag 6. november 2020 15.35