I den nye barneboka Kanskje, kanskje: Om tannfelling, tannfeer og trøyst skriv Erna Osland spennande historier om tannfeer og kva som skjer når barn mistar mjølketennene sine.
mm
Fakta: Ulike tradisjonar i verda
  • FRANKRIKE: Den vesle musa «La Petite Souris» kjem med ein mynt om natta.
  • MONGOLIA: Her gøymer dei tennene i hundemat. Etter ei stund får barnet sterke «hundetenner»
  • EGYPT: Barna kastar tennene opp mot sola, opp mot Allah. Det same gjer dei i Sudan, Jordan og Irak.
  • ITALIA: Den heilage Apollonia lagar ei vogn av tenner som blir trekt av ei mus.
  • USA: Her har ofte barn si eiga tannfe som dei sjølv finn på namnet på.
  • THAILAND: Her kastar dei tennene oppå taket.
  • HELLAS: Her kastar barn tennene på taket.
  • ETIOPIA: Her kastar dei tennene mot kyrkja, og ber om nye, sterke tenner.
  • MALI: Her får ungane ein kylling når dei mistar tennene sine.
LES FAKTALUKK FAKTA

I Noreg, Sverige og nokre deler av Australia legg me mjølketennene i eit glas med vatn og ventar på at tannfea skal koma om natta.

Den vakre boka er utgjeven på Skald forlag.

Erna Osland har skrive den nye boka om å mista tenner, og kva ein har gjort med mjølketennene i ulike tider og kulturar. Ho har samla historier frå 40 land.

Mus, fuglar og hundar

Over heile verda fins det skikkar, truer og forteljingar knytte til tannfelling. Mange av foteljingane er om ulike tannfeer – små flygande alvar, eller mus, fuglar og hundar.

Men same kor ulike forteljingane om tannfeene er, så er bodskapen den same.

– Alle har det til felles at det er vondt å mista tenner, men at det er bra å få nye sterke tenner, og me treng trøyst, seier Erna Osland på telefon til Pirion.

Variert og likt

Erna Osland er utdanna folklorist, og som student drog ho rundt og samla på barnevitsar. Bakgrunnen har vore nyttig i arbeidet med boka.

– Eg har alltid vore interessert i å høyra på kva barn fortel. Det har vore kjempekjekt å samla kunnskap om tannfellingsskikkar og kjærleik og omsorg mellom foreldre og barn verda rundt, fortel Erna Osland.

Forfattaren har besøkt mange skular og fått høyra mange varierte historiar. I éin klasse fekk ho seks ulike historier frå seks forskjellige land.

– Er det noko som har overraska deg i arbeidet med boka?

– Eg er mest overraska over kor varierte historiene er, og kor variert det er korleis borna trur på historiene og kor hardt nokre barn kan tru på dei. Det er noko spennande i at nokon trur så hardt på tannfea.

Handlar om å bli vaksen

I tillegg til å vera historier om trøyst, så handlar tannfellingshistoriene òg om å bli vaksen, meiner Osland.

– Barn trur ofte på tannfeer når dei er små. Å mista tenner er ei øving på å bli vaksen, og barn skjønar etter kvart at det er forteljingar om trøyst, forklarer forfattaren frå Høyanger.

Illustrasjon: Victoria Sandøy

Passar til høgtlesing

Erna Osland har skrive fleire prisløna bøker. Fleire av sakprosabøkene hennar har ei rammeforteljing. Ho er strålande nøgd med korleis formgjevaren til Skald, Silje Nes, har klart å inkludera dei små faktatekstane innimellom forteljinga.

– Eg ville skriva ei bok som barn og vaksne kan lesa i lag, om nettopp kor fint det er å vera barn og vaksne i lag. Dei som lærer å lesa kan lesa dei kortare tekstane, og så kan dei vaksne lesa forteljinga som går gjennom boka.

Er du interessert i å få dei siste artiklane våre om barnekultur og språkarbeid i barnehagar og småskule? MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET VÅRT HER!

Oppdatert: tysdag 24. november 2020 12.02

Lik Framtida.no på Facebook: