Er du oppteken av korleis det står til med kloden vår? Då bør du lese desse bøkene!
Helene Hovden Hareide
Helene Hovden Hareide

Dei siste åra har det kome fleire og fleire barne- og ungdomsbøker som handlar om klima og miljø, både i Noreg og i andre land. Interessa for slike bøker er stor, særleg etter at svenske Greta Thunberg starta med skulestreik for klimaet.

Her er Framtida Junior sine tips.

1. Hva er greia med klima? 

Dei som har laga denne boka, Jenny Jordahl og Ole Mathismoen, er kjende for teikneseriane dei har laga på baksida av Aftenposten kvar veke, som blei utgitt i boka Grønne greier (2018). Det er ei morosam bok å lese for deg som vil lære kule fakta om naturen.

I 2019 gav Jordahl og Mathismoen ut ei ny bok, med tittelen Hva er greia med klima? I denne teikneserieboka får vi bli med i det fiktive framkomstmiddelet Naut, som er oppkalla etter ubåten til kaptein Nemo i klassikaren En verdensomseiling under havet. Naut kan både flyge og reise i tid!

Flaumar, skogbrannar og isfjell som smeltar er berre noko av det du får lære om i denne underhaldande boka

På reisa møter Jenny og Ole dyr, fuglar og fiskar som fortel dei kva den globale oppvarminga gjer med levekåra deira, og får sjå dei dramatiske konsekvensane på nært hald. Flaumar, skogbrannar og isfjell som smeltar er berre noko av det du får lære meir om i denne underhaldande boka for deg i alderen 9 til 12 år.

2. Verden sa ja

I denne Bragepris-nominerte boka teiknar og fortel Kaia Dahle Nyhus historia til heile verda! Frå det fyrste livet i havet oppsto, til dinosaurane vart utrydda, til menneska byrja å dyrke korn og bygge byar, til vår eiga tid med miljøproblem – og vidare. For verda er jo ikkje ferdig enno.

Ei bok for deg som likar å tenkje store tankar om planeten vår og alt som finst på den.

Dette er ei bok for deg som likar å tenkje store tankar om planeten vår og alt som finst på den, utan å bli fortalt akkurat kva du skal tenke. Det er også ei bok for deg som likar sider fulle av store, kule, fargerike og morosame teikningar! Passar alle aldrar, også deg som ikkje har starta på skulen enno.

3. Dronninga kallar

Har du tenkt på korleis biene lever? I denne boka av Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer er det dronninga av biene som er hovudpersonen. Ein dag oppdagar ho at det er for stille der inne i bikuben, og at arbeidarane hennar held på å døy av gifta som finst i lufta. No må dei legge ut på reise.

Eit språk som leikar seg med rim og rytme og er kjekt å lese.

I denne boka får du både ei spennande historie, flotte teikningar og eit språk som leikar seg med rim og rytme og er kjekt å lese. Dessutan er den på nynorsk! Det er ei god bok å lese for deg som går i 1.-4.klasse, men passar for alle aldrar.

4. Morkels alfabet

Anna finn lappar med ord på eit jorde, men skjønar ikkje kven som legg dei der. Ein kveld ser ho skuggen av ein gut, og undrar på om det kan vere han. Neste dag står det «Morkel» på lappen, og då veit ho kven han er. Morkel er jo han guten som nesten aldri er på skulen.

Dette er ei forteljing som er både trist og fin.

Dette er ei forteljing som er både trist og fin, med stilige datalaga illustrasjonar av forfattar Stian Hole. Det handlar om vennskap, livet og naturen. Sjølv om det er ei biletbok passar den nok best for deg som er litt eldre, frå ni år og oppover.

5. Klodeklubben: Dei svarte svanene

Dette er den fyrste boka i ein ny spenningsserie om miljø og klima. Hovudpersonane Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på vestlandet, der mystiske ting føregår. Oljesøl lek ut i sjøen, og fargar dei kvite svanene svarte. Kvar kjem det frå? Når ingen vaksne trur på det dei fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.

Hovudpersonane Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på vestlandet, der mystiske ting føregår.

Boka er skriven av Ruth Lillegraven og har flotte illustrasjonar av Jens Kristensen. Boka passar for deg som er mellom 6 og 11 år, og likar detektivbøker fulle av spenning!

Oppdatert: onsdag 25. november 2020 17.43

Lik Framtida.no på Facebook: