Jakob Sande – senter for forteljekunst inviterer til digital aksjon for å spreia lys i adventstida.
mm
Fakta: Jakob Sande – senter for forteljekunst
  • Jakob Sande – senter for forteljekunst, som har sitt hovudsete på Klokkargarden i Dale i Sunnfjord, opna 15. august 2020.
  • I 2020 ga Kulturdepartementet ein million kroner til oppstart av eit 3-årig arbeid med å bygga eit senter og ei klynge for forteljekunst tufta på Jakob Sande sitt liv og virke.
  • Senteret skal forska i og formidla Jakob Sande si dikting, nynorsk språk og kultur. Senteret skal byggja opp eit fagmiljø innan forteljekunst, og det skal vera ein stad som får fram mangfald av forteljingar og nye røyster.
LES FAKTALUKK FAKTA

– «Det lyser i stille grender» er ein song som sameinar oss. Det er ein song som me vil skal lysa i dette mørket no, seier Liv Hege Skagestad, dagleg leiar ved Jakob Sande – senter for forteljekunst.

No har senteret laga ein digital aksjon der ho håpar folk vil dela bilde og videoar under emneknaggen #Detlyseristillegrender.

Feira bursdagen til Jakob Sande

Den kjende diktaren frå Dale i Sunnfjord blei fødd 1. desember 1906. På bursdagskvelden hans markerte Jakob Sande – senter for forteljekunst dagen med song ved Sigrid Felde, opplesing ved poeten Jeannine Masika Harrysson og lys.

No håpar Liv Hege Skagestad at folk skal halda fram med å tenna lys i grendene sine.

– Og så håpar me fleire vil finna lys i Jakob Sande si strålande dikting.

Vil gjera Jakob Sande meir kjent

– Det er ikkje alle som veit at det er Jakob Sande som skreiv diktet «Det lyser i stiller grender» i 1931, seier Skagestad. Diktet blei først publisert i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen «Julekveld».

Jakob Sande skal visst nok ha laga diktet ein junidag då han vakna opp under ein ripsbusk etter ein fest.

– Ripsbusken står der enno, fortel Skagestad.

Jakob Sande var både forfattar og ein populær visediktar som sameinte bøn og banning i eit samansett litterært univers. Forfattarskapen spenner i tid frå 1929 til 1961 og femner om ni samlingar med dikt og tre med noveller, ifølgje Allkunne.

– Jakob Sande viste gjennom diktinga si at folk får vera så samansette og rare som dei vil, påpeikar Liv Hege Skagestad.

Oppdatert: onsdag 2. desember 2020 12.17

Lik Framtida.no på Facebook: