«M24 barnepodden» skal vera eit pedagogisk verktøy for barnehagar og småskulen om vikingtida og 1000-årsjubileet Moster 2024.
mm

I samarbeid med Bømlo-barnehagen Espira Salamonskogen presenterer Moster 2024 «M24 barnepodden», ein podkast for barn i førskule- og småskulealder.

– Det er veldig spennande og gøy! Eg er utruleg heldig. Det er ikkje mange barnehagelærarar som får bruka arbeidstida si til å laga podcast, i alle fall ikkje med det apparatet eg har rundt meg, seier Erik Larsen. Han er barnehagelærar og avdelingsleiar i Espira Salamonskogen barnehage på Bømlo.

Samtalestartar

Totalt skal det lagast åtte episodar – éin kvar månad. Kvar episode i podkasten er delt opp i tre delar på kring 10-12 minuttar kvar, med ein del om dagen.

– Me håpar at podkasten skal vera ein samtalestartar. Tanken er at ein kan ta pausar når ungane spør om noko. Det skal vera veldig enkelt for barnehagane å ta i bruk podkasten, understrekar Erik Larsen.

Barnehagelærar Erik Larsen er programleiar for den nye podkasten til Moster 2024-jubileet. Foto: Espira Salamonskogen

Han understrekar at podkasten er avhengig av at dei vaksne engasjerer seg og leier samtalen med barna saman med podkasten.

Innhaldet i podkasten vil ha interaktive element, der ein inviterer lyttarane til å setja på pause og diskutera sjølve, senda inn spørsmål, delta i songar og koma med ynskje til vidare episodar.

Facebook-sidene til M24 Barnepodden blir det delt fagstoff, og invitert til diskusjon, spørsmål og innspel.

Utfordrande og kjekt

Erik Larsen fortel at det tar lang tid med planlegging og førebuing, men òg evne til å snu seg rundt i samtalane med barna i barnehagen.

– Det er både utfordrande og ikkje enkelt å gjera opptak med ungane. Plutseleg kan planen bli snudd på hovudet av innspel og spørsmål frå ungane. Det tar langt tid, og ein må vera tolmodig – og veldig i samtalane med ungane.

Ungane ante ikkje kva ein podkast var då dei starta, men var krye og syntest det var gøy å vera med.

– Dei har blitt forferdeleg kunnskapsrike, og har lært meir om vikingane enn eg håpte på.

Vikingar

Erik Larsen er ikkje historikar, men over gjennomsnittet historieinteressert barnehagelærar. Han var ferdigutdanna barnehagelærar i 2018, og har i mange år vore skodespelar i Mostraspelet.

– Vikinghistorie har alltid interessert meg, fortel han.

I kvar episode har dei ein historisk sekvens der me blir betre kjende med vikingane, korleis dei levde, korleis det var å vera barn i vikingtida og kva dei trudde på. Podkasten går også inn på kven Olav den Heilage var, og kva innverknad lovane i Kristenretten fekk.

– For eksempel, så gjorde Kristenretten det ulovleg å setja barn ut i skogen, fortel Larsen.

I tillegg har dei ein bolk om vår tid, og ein bolk med figuren «Daisy» som er på ei tidsreise gjennom verdshistoria. Dette blir ein føljetong, og skal knytast opp mot prosjektet «Tidsreisa», ei digital tidslinje, som er eit anna Moster 2024-prosjekt.

Utforsk «Tidsreisa» sjølv her!

– Me vil gjerne oppfordra barnehagar og klassar til å bruka spørsmåla til å arbeida med tematikken på eigenhand, kanskje som eit prosjektarbeid eller i tilknytting til lytting på podcasten, seier avsluttar Erik Larsen.

Oppdatert: måndag 28. desember 2020 14.15