Bandet Naboen min er ute med ny musikk for store og små. Den ferske singelen «Alt blir feil», er første singel frå plata ved same namn som kjem i april.
mm
Fakta om «Alt blir feil»:
  • Utgjeve av GUFF/Indigoboom
  • Produsert, arrangert og miksa av Bjørnar Sangolt
  • Mastra av Iver Sandøy i Solslottet Studio
  • Coverdesign: Vegard Markhus
  • Tekst/melodi: Vegard Markhus
  • Vegard Markhus: Vokal
  • Bjørnar Sangolt: Diverse gitarar, bass, piano, kazoo, synth og kor
  • Thomas Gallatin: Trommer og perkusjon
LES FAKTALUKK FAKTA

No eitt år sidan koronaen stengde Noreg, er det nok mange som kjenner seg igjen i låta «Alt blir feil». Refrenget i songen har vore refrenget i heile det siste året: «Det som skulle bli så bra, blir det ingenting av!»

– Det har vore eit år med avlyste planar, avlyste besøk og avlyste konsertar. Ingenting har blitt slik som me trudde det skulle bli. Det har vore kjedeleg for oss som band, men me trur også det er ein følelse som mange ungar kjenner seg igjen i, skriv bandet i pressemeldinga si.

– Likevel ønskjer me ikkje å grava oss ned i elendigheit. Det me treng no er ein dose skranglete gladpop med humoristisk snert. Me i Naboen min jublar for endeleg å ha noko å gleda oss til! Me gler oss stort til å visa fram den nye musikken! skriv dei vidare.

Spelemannsprisvinnarar

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent Bjørnar Sangolt. I tillegg bidreg ein av Noregs fremste trommeslagarar, Thomas Gallatin, med trommer og perkusjon. I 2019 mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk for plata Rockesock.

– Året har vore litt slik som med den innspelinga. Ingen konsertar sidan januar i fjor. Me har planlagt nokre få ting, men det har vorte avlyst, fortel vokalist Vegard Markhus til Pirion. Einaste som vart gjennomført var ein konsert dei skulle ha på Bergenfest.

– Eigentleg skulle me spela for 2000 barnehageungar, men så blei det berre 20 stykke. Heldigvis vart det god stemning likevel!

Ungane korar

Musikarane har brukt eigne ungar til å kora på songen.

– Til nokre andre songar på plata skulle me eigentleg hatt innspeling med fleire skuleklassar frå Øystese barneskule. Det vart utsett på grunn av korona, fortel Vegard Markhus vidare.

Han håpar fortsatt å få gjort desse opptaka no snart, slik at desse skuleklassane får vera med på plata.

No er det første singelen tilgjengeleg for alle som vil høyra.

– Me håpar også at me får lov til å reise på skuleturné neste skuleår! avsluttar Vegard Markhus.

Oppdatert: sundag 7. mars 2021 16.35

Lik Framtida.no på Facebook: