Førskuleopplegget Lurivarklubben er populært blant dei største ungane i Dalane barnehage i Ørsta.
mm

Lurivarklubben har lånt namnet med velvilje frå Tunkatten Lurivar på Ivar Aasen-tunet. Ørstabarnehagen er stolt over å koma frå same kommune som Ivar Aasen.

Blant aktivitetane borna får vera med på er Kims leik med nynorske ord og besøk til Ivar Aasen-tunet og Sivert Aarflot-museet. Det var i huset til Aarflot, det første biblioteket i Noreg utanfor dei store byane, at Ivar Aasen lærte å lesa.

– Nynorsk og dialekt står veldig sterkt her i Dalane barnehage og alle barnehagane i Ørsta, fortel styrar Cathrin O. Engetrøen i Dalane barnehage.

I barnehagen deira har avdelingane namn etter lokale songar og segner.

Styrar Cathrin O. Engetrøen framfor avdelingsskiltet til Ulvehiet. Foto: Dalane barnehage

Lokal rammeplan

Barnehagane i Ørsta var truleg dei første i landet som har fekk sin eigen lokale rammeplan basert på den nye nasjonale rammeplanen som blei gjeldande frå hausten 2017. Der står det tydeleg at alle barnehageborn i kommunen skal lesast for på nynorsk kvar dag.

– Alt me gjer er forankra i den lokale rammeplanen. Nynorsk gjennomsyrar alt, undestrekar Cathrin O. Engetrøen.

– Det var eit veldig godt utviklingsarbeid som blei gjort over tid. Men når ein har gjort det, så er mykje gjort, held ho fram.

LES OGSÅ: – Nynorsk må inn i rammeplanen for barnehagane

Revehiet speler vårbingo på tur. Foto: Dalane barnehage

Lokal songskatt

I den lokale rammeplanen heiter det at «Alle born skal dagleg få oppleve glede ved musikk og song, og songane skal i størst mogleg utstrekning vere på nynorsk».

Dalane barnehage syng nesten kvar einaste dag på dialekt og nynorsk.

– Me syng veldig mykje på den lokale songskatten vår, fortel Cathrin O. Engetrøen.

På heimesidene til barnehagen ligg både tekstar og innspelte melodiar til fleire av songane som står på repertoaret, for eksempel «Pusekatte låg opponde omna».

– Det er veldig kjekt for foreldre som då kan læra seg songane saman med borna. Me er utruleg stolte over desse songane, seier Engetrøen.

Utebiblioteket i bruk, lesestund ute. Foto: Dalane barnehage

– Handlar om å vera medviten

I Barnehageundersøkinga til Pirion, kjem det fram at det blir sunge meir og lese meir på bokmål enn på nynorsk i nynorske barnehagar.

– Eg kan tru det stemmer, men det stemmer ikkje her, seier Engetrøen, og legg til at dei også syng nokre gamle bokmålssongar for å ta vare på dei.

– Kva råd vil du gi til andre barnehagar som vil jobba meir med nynorsk i barnehagen?

– Ein må gå inn for det. Her har det vore ein del av utviklingsarbeidet og eit veldig fokus på det. Det handlar om å vera medviten, avsluttar Cathrin O. Engetrøen, styrar i Dalane barnehage.

Ulvehiet på tur til Høgetua. Foto: Dalane barnehage
Oppdatert: torsdag 6. mai 2021 15.30

Lik Framtida.no på Facebook: