Tradisjonssongar Unni Løvlid deler songar og regler frå Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule.

Lavi lakk etter geita,
Lavi lakk etter geita,
Laup etter saude,
Laup etter saude,
Laup etter saud, saud, saud.

 

Eg gjekk meg ein gong over storemyr,
Eg kom i så stor ei fare,
Eg møtte to fæle, ville dyr,
Eit ekorn og ein hare.

 

Sove lille Brage,
Sove lille Brage,
Sove nu, sove nu,
Sove lille Brage.

 

Byssa, byssa lille venn,
No strekkje vi på støvelen igjen.
Og den vesle trøya på,
So skal vi ut i skogen gå.
Vi skal ut å køyre,
På fuglesong å høyre.

 

Hanefar høgt oppi Fagerli,
Kvite sokkar og kvite sko.
Hanefar var ein apekatt,
Ein apekatt med silkehatt.
Så gjekk han ute med jenta si,
Kom ikkje heim att før klokka var ti.
Då fekk han juling av mora si,
Au, au, rompa mi.

 

Hæla og tåa,
og sidan heile foten
Hæla og tåa,
og oppat igjen (rep)
Tradidadatamdadidamdadeia osv.

 

Med huldre og troll i dur og moll,
Med huldre og troll vi dansar.
Med huldre og troll i dur og moll,
Med hulde og troll vi dansar.
Stokk og stein, fiskebein.
Vatn og jord,
Sør og Nord.
Sudelidudelideia.
Sudelidudelideia.

Høyr fleire songar frå Unni Løvlid på plata «So ro liten tull»:

Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kulturtanken. Songane er presentert og lagt til rette for Pirion og Pirionkursa med støtte frå Utdanningsdirektoratet.

Oppdatert: måndag 14. juni 2021 17.49

Lik Framtida.no på Facebook: