Kva vil det seie å vere ein nynorsk-barnehage? I denne økta skal vi sjå nærare på korleis arbeid med nynorsk språk og kultur kan vere ein del av både overordna målsettingar og det daglege arbeidet i barnehage-kvardagen.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen

1. Videoforedrag (10 minutt): Nynorsk med dei minste:

Sjå filmen over der professor Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet fortel om kva for særlege tilhøve som gjeld for språkarbeidet i nynorsk-barnehagen.

2. Åtte tips til ei nynorsk språkstimulering i barnehagen (15 minutt):

Les gjennom lista og diskuter i grupper på to eller tre: Kva for tips vil vere lette å ta i bruk i vår barnehage? Er noko av dette allereie innarbeidd hjå oss? Kva for eit tips inspirerte deg mest?

3. Vårt nynorskbibliotek (15 minutt):

Studer lister over nyare, nynorsk barnelitteratur.

Plenumsdiskusjon: Kva for nynorske barnebøker har de gode erfaringar med å formidle i dykkar barnehage? Til neste gong: Vel ut minst tre bøker du har lyst til å lese for borna i løpet av prosjektperioden.

Avslutning (5 minutt):

Sjå filmen om kulturbarnprosjektet i Sunnfjord.

 

Tilgjengeleg materiell for personalet:

Metodehefte kulturbarn Sunnfjord og Rapport frå Kulturbarn 0-8 år, Kulturtanken.

 

Pirionkurset er støtta av Utdanningsdirektoratet, og er også laga som ein del av Kulturbarnprosjektet til Sunnfjord kulturskule, støtta av Kulturtanken.

Oppdatert: fredag 25. august 2023 14.00

Lik Framtida.no på Facebook: