Her er tre tips til bøker som har gjennomarbeidd paratekst, og som derfor gjev rom for repetert lesing og fleire gongars utforsking.
Anne Marta V. Vadstein
Anne Marta V. Vadstein

Allereie før vi les ei bok, har vi fått eit inntrykk av henne. Teksten blir presentert med tittel, forfattar- og eit forlagsnamn. I tillegg viser omslagsdesignet ofte til sjanger eller type bok, og illustrasjonane kan fortelje noko om kven eller kva boka handlar om.

Ei bok kan ha føre- og etterord, innhaldsliste, dedikasjon eller eit sitat frå eit anna verk på tittelbladet. Alle desse elementa går inn i det vi kallar parateksten – det som omgir teksten og utvidar han. Målet er å sikre teksten ei mest mogleg vellukka mottaking (Mjør, 2010).

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Foto: Nynorsksenteret

I førlesingsfasen er det å studere omslaget også med på å skape forventning og samle gruppa om ein felles aktivitet. I tillegg er det med på å vekkje førforståingane til barna – kva erfaringar har dei, og korleis forstår dei bileta?

Mange vaksne som les for barn brukar fram- og baksida på boka aktivt, både før og etter at dei les sjølve bokteksten. Men, har du tenkt over at somme bøker har blank innsideperm og andre bøker har illustrasjonar eller ord som bind saman framsida med sjølve forteljinga?

Det kan vere spennande å utforske ulike bøker og sjå om ein finn spor frå forteljinga på desse sidene. Her kan det både vere spor til kva historia handlar om, og noko som kan byggje ut forteljinga etter at de har lese ferdig boka første gongen.

Her er tre tips til bøker som har gjennomarbeidd paratekst, og som derfor gjev rom for repetert lesing og fleire gongars utforsking:

Dagen opp ned (Martine Grande) er ei bok som nyttar potensialet i parateksten maksimalt. Her er det mykje å snakke om, både når det gjeld illustrasjonane og bokstavane. Kva er bak og framme, kva er rett veg og opp-ned? Og på framsida ser vi ansikta på dyra, medan på baksida er det nettopp baksida som er.

Når vi blar opp ser vi skuggar av dyra – kva dyr er det vi ser då? Og blar vi til tittelbladet er bokstavane opp ned. 
Etter forteljinga kjem eit nytt oppslag på innsida, og der er jammen dyra opp-ned, dei også. Den raude tråden i forteljinga med dei to flaggermysene som heng opp ned og som vanlegvis søv på dagen, men som no er vakne og flyg rundt, strekkjer seg heilt frå start til slutt.

 

I Leggetid (Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen) er illustrasjonane detaljrike og enkle på same tid. Når ein ser på framsidebiletet første gongen, er det pappaen og barnet i stolen ein legg merke til. Etter kvart blir kanskje lesaren merksam på dei mørke skuggane langs kanten, som kan minne om ein jungel eller noko anna spennande

Ser vi på baksideomslaget, gjespar pappa trøytt, medan barnet ser lys vaken ut, og kjem med ei bok ho vil lese. Det er truleg fleire som kjenner seg att i den situasjonen. På innsida av framsideomslaget har illustratøren dekt sidene med ein sofa, der far og jenta ligg med beina høgt og les kvar si bok eller avis. Her er det mogleg å stille opne spørsmål som set i gang ein samtale om barns erfaringar med lesing, leggetid, og om boka.

I tillegg har innsida av baksideomslaget ein illustrasjon som inviterer til å dikte vidare på handlinga i boka, med ei mengd fantasifulle figurar som flyg eller flyt opp og fram.

 

Også i dei seks bøkene om Jakob og Neikob (Kari Stai) er lite overlate til tilfeldigheitene. Her er det mykje symbolikk og mange raude trådar frå omslaget til forteljinga og til kvarakterane, og ein finn nye element å snakke om for kvar gong ein les bøkene.

Også innsidene på fram- og baksidepermane er kopla til handlinga i kvar av bøkene. Til dømes er det teikna ein full nissesekk på ein kjelke i Jakob og Neikob og det tomme rommet. Og i Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake er det politibilar med blinkande lys på taket.

Å snakke om parateksten i bildebøkene er med på å skape forståing for, og utdjupe forteljinga. Det er er fint å stoppe opp, sjå nærare på og samtale om boka som heilskap, med omslag, innsidebilete og alt anna. Kanskje oppdagar du og borna noko nytt og spennande neste gong?

Sjå også:

Før lesinga startar, Lesesenteret: https://www.uis.no/nb/forskning/for-lesinga-starter
Mjør, I. (2010). I resepsjonens teneste. Paratekst som meiningsberande element i barnelitteratur. Nordic journal of childLit aesthetics, 1(1), 5856. https://doi.org/10.3402/blft.v1i0.5856

Illustrasjonar frå bøkene etter avtale med illustratør.

Oppdatert: måndag 8. november 2021 09.43

Lik Framtida.no på Facebook: