Nynorske barnehagar syng meir på bokmål enn nynorsk. No har Hildegunn Hovde ved Nynorsksenteret laga fleire filmar som skal hjelpa barnehagane med å synga nynorsk på songsamlingane.
mm

Ved sida av jobben ved Nynorsksenteret, underviser Hildegunn Hovde i musikk på barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.

No er ho klar med fire filmar der ho modellerer songsamling i barnehagen, to for småbarns- og to for storbarnsavdeling. Dette er ein stor ressurs som ho har jobba lenge med for å få alle løyve på plass.

Undersøkingar i barnehagar i nynorskområde viser stadig at songar på bokmål framleis dominerer repertoaret, og ei masterstudie frå 2018 peikar på at det ikkje er manglande vilje til å synga på nynorsk, men snarare det at stoffet ikkje er så lett tilgjengeleg. Nynorsksenteret hadde eit sterkt ønske om å bidra til å løfta fram dei gode barnesongane på nynorsk, og dermed kom denne ressursen til, fortel Hildegunn Hovde.

Lærer gjennom øyra

– Kvifor er det viktig å synga på nynorsk i barnehagane?

– For det fyrste er det viktig å synga ofte og mykje, både for barn og vaksne. Så veit me at barn lærer språk gjennom øyra, og det å synga på nynorsk gjev barna ei trygg og god erfaring med det nynorske skriftspråket.

Hildegunn Hovde arbeider ved Nynorsksenteret og barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Foto: Tone Solhaug, HiVolda

Songtekstar har gjerne eit større og meir variert språk enn det daglege språket, det har færre fyllord, og er ofte på rim.

– Ein tenkjer kanskje at det berre er ein song på nynorsk, men det å synga på nynorsk, og få smaka på orda, bidreg faktisk til å gjera språkforma mindre framand, og det er med på å legga eit viktig grunnlag for den første lese- og skriveopplæringa på nynorsk.

Til inspirasjon og utvikling

– Denne ressursen er laga for å nyttast som inspirasjon og utvikling i personalgruppa. Filmane kan få plass på planleggingsdagar eller på ein del av eit personalmøte, og gjerne ta utgangspunkt i berre ein film om gongen.

– Eg tenkjer også at personalet kan gå inn i filmane ved høve og finne tips til barnesongar på nynorsk, læra seg nokre nye melodiar, eller rett og slett øva seg i å synga.

Songane er for det meste lagt i eit toneleie der barna har føresetnad for å kunne synga med, og mange vaksne treng meir mengdetrening i å synga lyst nok. Det er ein viktig del av det å synga med barn.

– Til kvar film ligg det også eit ark med tekstar og fine bilde, og desse kan med fordel laminerast og brukast på avdelinga. Bilda byr på mange gode samtalar om songane!

– Kva håpar du denne ressursen kan hjelpa til med?

– Eg håpar at det kan gjera songane meir tilgjengelege, og bidra til at det blir sunge fleire barnesongar på nynorsk i barnehagane rundt i landet. Og ikkje berre dei barnehagane som ligg i nynorskområde, det er viktig at barn i bokmålsområde også får erfaring med nynorsk før skulestart. Og då er song eit strålande verktøy!

Sjå den flotte ressursen til Nynorsksenteret her!

Oppdatert: sundag 24. april 2022 09.50

Lik Framtida.no på Facebook: