Gunhild Aadland Rolfsnes er songar, dirigent og høgskulelektor i song – og trur alle hadde hatt godt av å synga meir i kvardagen.
mm

– Dess eldre eg blir, dess meir går det opp for meg korleis songar og det å bruka mi eiga stemme har vore til hjelp – både i tunge og lette stunder. Det å kunna songar som passar til alle livets sider er noko eg prøver å gi vidare til mine eigne barn, fordi eg ser korleis song kan gi styrke i kvardagen.

Gunhild Aadland Rolfsnes er vaksen opp i ein heim med mykje song.

– Me song alltid kvar dag – både for maten, og mange godnatt-songar om kvelden, og me vart teke med på sundagsskule og i kyrkje og bedehus der songen stod sterkt. Etter kvart vart eg med i barnekor, juniorkor og ungdomskor.

Songen gir glede og fellesskap

På kontoret hennar på Høgskulen på Vestlandet på Stord har ho eit piano der ho kan ta seg korte pausar å synga og spela litt.

– Songen gir glede, det skapar eit fellesskap i ei gruppe, det skapar fokus i eit klasserom, det kan vera sentralt i å bygga eit miljø i ein klasse eller hjå andre. Songen kan bygga eit land og påverka politisk også. Eit eksempel er den syngande revolusjonen i Estland på slutten av 80-talet.

– Eg er glad eg har lagt frå meg sjenansen i å synga ut sjølv om nokon kanskje kan høyra meg. Eg vil anbefala alle å synga når dei går tur, køyrer bil, står i dusjen, lagar mat, ja, kor som helst. Syng og ver glad!

Framtida for songen

Gunhild Aadland Rolfsnes seier allsongen lever i beste velgåande innanfor kyrkje og forsamling. Og på fotballtribunen. Men utanom det er ho ikkje så optimistisk.

– Det er mykje som har endra seg på kort tid. Før var det vanleg å synga når ein var samla, anten det var festleg lag eller andre møte. Men det felles repertoaret som den eldre generasjonen har, det finst ikkje lenger på same måte hjå min generasjon og dei yngre.

– Eg trur det må ei stor prioritering til dersom songen skal bli styrka i samfunnet generelt.

Det vanskelegaste og viktigaste

Ho trur likevel det er håp dersom det blir sett fokus på song.

– Eg har ved nokre høve leia allsong ved oppstart på HVL, og då har er prøvd å finne songar frå fleire epokar – alt frå norske tradisjonssongar til Michael Jackson. Det har fungert veldig godt. Det er viktig at songane kan fenga litt også, at melodiane er gode, at toneleiet er greitt, og at teksten er noko som kan samle. I kyrkja kan ein synga songar som ein ikkje kan mange andre stader.

– Det å velja eit godt repertoar er kanskje det vanskelegaste og viktigaste med allsongen. Og det krevst god leiing dersom ei gruppe verkeleg skal få erfara fordelane.

– Kva er forskjellen på å dirigera studentar og borna du er dirigent for i Soul Children?

– Det er eigentleg ikkje så mykje forskjell når det kjem til det å vera inspirerande – og godt førebudd! Mange musikkstudentar er heller ikkje så vant med å synga fleirstemt, og ofte kan eg bruka dei same oppvarmingssongane og noko av det same repertoaret – studentane skal jo ofte ut i skulen og treng repertoar til det.

– Eg opplever Soul Children som endå lettare å få til å synga ut og gi av seg sjølv. Dei er modige og engasjerte og gir veldig mykje tilbake. Studentar kan vera litt vanskelegare å få til å sleppa seg laus. Men når dei gjer det er det heilt fantastisk gøy!

Forskar på song

I jobben hennar både forskar ho og underviser ho i song ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord.

– Eg er med i noko som heiter SANGBARSK – som er eit nettverk av folk som er opptekne av song i barnehage, skule og lærarutdanning. Me held på å samle inn data om kva som kjenneteiknar gode songpraksisar i skule og barnehage, der me oppsøker arenaer som me veit bruker mykje song.I tillegg held eg på å skrive ein artikkel om song i lærarutdanninga, der eg ser på korleis studentar opplever å delta i songkurs. Og så er eg oppteken av songpedagog-rolla – korleis ein kan utvikle seg i å vere songpedagog, og korleis ein snakkar om songstemma som instrument i individuell undervisning. Det siste temaet er noko eg ynskjer å bruke endå meir tid på etter kvart.

– Korleis er det å undervisa i song?

– Å undervisa i song er veldig spanande, synst eg. Samtidig skal eg innrømma at det også er veldig krevjande og til tider litt skummelt! Kvar songstemme og kvar person er heilt unik. Det betyr at eg ikkje berre kan gjera akkurat det same i alle songtimane. Eg synest det er veldig kjekt dersom mi undervisning kan bidra til at ein person finn ut at stemma kan gjera så mykje meir enn ein trur, og at ein tør å gi uttrykk for si eiga stemme.

Lik Framtida.no på Facebook: