«Oh! En bok som lager lyd» av Hervé Tullet er ei bok for dei minste, full av intense fargar med enkle illustrasjonar.
Hezabell Aleksandra Kucinska
Hezabell Aleksandra Kucinska

Barnet lærer storleikar, formar og fargar. Den støttar også å læra å snakka ved å gjenta ulike lydar og ord.

Boka er lang nok til at ein ikkje kjedar seg, og du kan gå tilbake til den mange gonger. Boka kan bidra til at barn utviklar fantasi og kreativitet – og den kan òg bidra til å auka konsenstrasjonen

Ei flott bok for ein forelder eller ein barnehagetilsett som vil vera i lag med eit barn og vekke kjærleik til bøker. Og det er mykje latter medan du les. Eg anbefaler boka!

Oppdatert: fredag 10. februar 2023 07.37

Lik Framtida.no på Facebook: