Dikt om starten og slutten på livet.
mm

eg tikkar og tikkar
er på nedteljing
seier mormor
du tikkar òg
men oppover
heldige du som
tikkar mot alt som
skal og kan skje
noko lyst og noko mørkt
livet sjølv

Badesommar er den tredje diktsamlinga for barn skriven av Ruth Lillegraven. Som i Eg er eg er eg er og Skogen den grøne er dette forteljande dikt, og denne gong føljer vi ei ung jente og mormora hennar. Jenta er eg-personen og ho er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Samstundes kjem det ein liten bror til verda. Så avslører mormor ei hemmelegheit frå då ho var ung – og får ein god ide. Saman byrjar dei å vente på sommaren og på å stupe ut på djupt vatn.

Badesommar er dikt om å vere ung og å vere gamal, om alt som stadig endrar seg, og om å symje i alt slags vatn.

Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

Lik Framtida.no på Facebook: