På Våland skole i Stavanger har bokmålselevar jobba med dikta til Arne Garborg frå Haugtussa (1895). Det som byrja som eit litteraturprosjekt, er også blitt eit omfattande språkprosjekt.

Lise Lunde Nilsen ved Våland skole viser fram nokre av elevane sine Haugtussa-bøker som dei lagde i løpet av det treårige prosjektet. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)

Det var lærar Lise Lunde Nilsen som tok initiativet til Haugtussa – prosjektet der elevane fekk innsyn både i Arne Garborg si dikting og det nynorske skriftspråket. Med seg i arbeidet fekk ho lærarane Anne Lise Sømme Kielland og Torunn Berge Gloppen. Prosjektet fylgde elevane frå 2. til 4. klasse og vart avslutta no i vår. Då hadde om lag 60 elevar delteke i prosjektet.
– Det var spanande å sjå korleis bokmålselevane lærte nynorsk utan at me underviste i det, seier Nilsen.

Språket til Veslemøy
Ein time i veka vart sett av til Haugtussa. Elevane vart kjende med Veslemøy som er mager, mørk og mjå. Dei veit at ho var ei synsk gjetarjente som såg underjordiske, og at ho var forelska i Jon. Dei reiste på tur til Høg-Jæren for å oppleve det universet Veslemøy levde i, og for å leite etter troll. Dei har lese, skrive og teikna vers og dikt. Dei har studert enderim og bokstavrim, og ikkje minst har dei lært kva språk Veslemøy brukte.

– Dei visste at Veslemøy sa ”eg” og ”ikkje”. Me spurde dei ofte: Korleis ville Veslemøy sagt dette? Og så lærte dei at dette var nynorsk, språket til Arne Garborg, fortel Nilsen.

Elevane lærte også språkhistorie, og fleire av dei oppdaga etter kvart likskapen mellom deira eigen Stavanger-dialekt og nynorsk. Slik fekk dei eit eigarforhold til språket og såg den lokale tilhøyrsla til litteraturen.

Læringskurva var bratt, frå å vere elevar på 6 – 7 år som ikkje kunne lese, til dei i 4. klasse skreiv heile vers frå Haugtussa. Dei fleste av elevane var også ivrige etter å lære seg nynorsk.

alt
– Dei kunne ofte velje om dei ville skrive ein tekst på nynorsk eller bokmål. Dei fleste valde nynorsk. For mange var det stas å kunne skrive nynorsk. Og me har berre fått positive tilbakemeldingar på prosjektet, ikkje minst frå foreldra, seier Lise Lunde Nilsen.

Nokre av desse elevane skulle også gått i nynorskklasse dersom det hadde blitt noko av, fortel Nilsen, som viser fram arbeidsbøkene elevane lagde gjennom dei tre åra.

Her har dei skrive inn vers frå Haugtussa, skrive kjærleiksbrev til Jon, og illustrert handlinga i versa. På mange av sidene har læraren kommentert, både på bokmål og nynorsk.

Gå via litteraturen
– Sidan desse borna var så unge, måtte me bruke den ytre handlinga om Veslemøy som grunnlag for arbeidet, seier Nilsen og viser til at Haugtussa i utgangspunktet er ein ganske tung tekst av Garborg.

Lise Lunde Nilsen har også tidlegare undervist om Haugtussa i barneskulen. Men dette er første gang opplegget får støtte av Senter for nynorsk i opplæringa i Volda. Nynorsksenteret rår då også til å starte tidlegare med undervisning i nynorsk. Nilsen kjenner ikkje til liknande prosjekt i landet og meiner det heilt klårt er for lite satsing på å få nynorsken inn tidleg i barneskulen.

– Tipset må vere å gå via litteraturen, det er bakvegen til språket. Finn ein spanande tekst som til dømes Katten av Olav H. Hauge. Det er eit dikt ein kan arbeide med også saman med dei minste borna, seier ho.

Nilsen trur ikkje det vert nokon reprise av Haugtussa-prosjektet til hausten, men kanskje vert det noko som liknar.

– Me kjem nok til å jobbe litterært til hausten også. Kanskje blir det ei satsing på Wergeland sidan det det er Wergeland-år, smiler ho.

FAKTA: Haugtussa – prosjektet

Treårig litteratur- og språkprosjekt der bokmålselevar i 2 – 4 klasse ved Våland skole i Stavanger har lest og jobba med tekstar frå Arne Garborg si Haugtussa. Målet har vore å lære elevane nynorsk tidleg i barneskulen utan å direkte undervise i det. Initiativtakar til prosjektet er lærar ved Våland skole, Lise Lunde Nilsen. Prosjektet fekk støtte frå nynorsksenteret og vart avslutta no i vår.

Lik Framtida.no på Facebook: