Skoleklare barn skal bli betre tatt vare på.
mm

Frå og med august i år har skulane ein ny lovfesta plikt til å samarbeida med barnehagane og SFO/ AKS om overgangen til borna frå barnehage til skule.

– Ein god overgang gjev tryggleik for både barn og foreldre. Det vert enklare for skulen å gje betre oppfølging tidleg når dei får meir kjennskap og kunnskap om dei nye elevane sine, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Det er skuleeigar som må utarbeida ein plan for å sikra ein god overgang mellom barnehagen til skule og SFO/AKS.

Målet er at alle barn får ein trygg og god overgang til skule uavhengig av kva for ein barnehage dei går i og kva for ein skule dei skal byrja på.

– Mange skular har allereie gode rutinar og klåre retningslinjer for korleis ein god overgang blir gjennomført. Det er svært gledeleg at fleire foreldre fortel meg at dei nye førsteklassingane no får mykje tettare oppfølging enn kva storesøskena fekk. Det tyder at vi er på rett veg, men vi ynskjer at alle barn skal få like god oppfølging uavhengig av kva for ein skule dei skal byrja på. seier Jan Tore Sanner.

Ekstra oppfølging til elevar som slit

Frå dette skuleåret gjeld fleire nye regler, i sum vil dei gje elevane eit endå betre skuletilbod.

– Regjeringa har som mål at ingen elevar skal gå ut av grunnskulen utan å ha lært å lesa, skriva og rekna skikkeleg. Elevar som slit, må få hjelp tidleg i skuleløpet, slik at dei ikkje verta hengjande etter. Difor får skulane no ei plikt til å gje ekstra oppfølging til dei elevane på 1.- 4. trinn som strevar med lesing, skriving og rekning, seier Sanner.

Skulen skal òg samarbeida med andre kommunale tenester for å gje eleven betre heilskapleg oppfølging for helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar knytte til opplæringa.

Nye reglar i skulane frå 1. august

• ny lærarnorm i grunnskulen.
• plikt om at skulane må gje intensiv opplæring til elevar på 1.-4. trinn som står i fare for å hengja etter i lesing, skriving eller rekning.
• plikt om at skulen må samarbeida med kommunale tenestetilbydarar for å følgja opp elevar med spesielle vanskar.
• forbod mot heildekkande ansiktsplagg for elevar og tilsette i skular, inkludert SFO, leksehjelp og opplæring utanfor området til skulen.
• alle fylke får sitt eige mobbeombod som skal støtte og rettleia barn, elevar og foreldre slik at dei får tatt vare på rettane sine til eit godt psykososialt miljø i skulen.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 20.40

Lik Framtida.no på Facebook: