Dette er ei fargerik biletbok som truleg passar best for dei mellom 3 og 6 år. Kuvenninnene diskuterer, kranglar og slåst. Gullhorn, Berta, Konni, Jorun og Bjøllekua er gode venninner heilt til dei byrjar å diskutere kven som er finast, har størst horn, den beste klangen i bjølla eller det største juret. Då utviklar det heile seg til ein slåsskamp utan like.

Auestad har både forfatta og illustrert boka med store og gode teikningar. Dyra har fått klåre ansiktsuttrykk, og sjølve kampen vert illustrert slik at sjølv dei yngste borna vil kunne sjå føre seg kva som skjer. Teikningane er på kvit bakgrunn, noko som også gjer at dei er lette å sjå og forstå. Teksten er mindre viktig og står nedst på sidene, i fotnoteform. Likevel er dette ei bok med rauting på høgt plan.

Det kanskje aller tydelegaste er moralen: Det er ikkje så nøye så lenge ein berre får vere seg sjølv. Og det hjelper ikkje å misunne andre. Jorun set nemleg ein støkk i dei andre når ho seier frå at ho er lei kranglinga, og at ho aller mest berre vil vere ei ku. Kanskje kan denne vesle historia vere med på å løyse meir enn éin konflikt?

Kuvenninnene
Av Annlaug Auestad
Samlaget 2008

Lik Framtida.no på Facebook: