Dette er ei fin samling forteljingar for barn i barnehage- eller småskulealder. Olaug Marie Bjørndal har skrive ned små historier ho hugsar frå eigen barndom, medan kunstnar Anja Tveiterås har illustrert tekstane.
Mange vil kjenne seg att i historiene om Marie som skulle på butikken for å kjøpe kaviar, men som kom heim igjen, både utan pengar og kaviar. Om alpelua som forsvann i vinden, og om ho som mest av alt ynskte seg dokkevogn til jul. Om spenninga som låg i lufta, heilt fram til julaftan kom og nissen stod i døra med ein kjempestor pakke…
Det er dei fem tekstane i boka som står i fokus. Med ein forteljande og munnleg tone skildrar Bjørndal ei anna tid, eller det me gjerne kallar ”gamle dagar” eller ”før i tida”. For barn har det naturlegvis ein verdi i seg sjølv at nokon fortel korleis dei hadde det som barn, og korleis det var i gamle dagar. Barn let seg inspirere og glede over dei som har tid til å setje seg ned og fortelje historier og dele sine eigen minner. Bjørndal arbeider sjølv i barnehage og veit kva forteljarstunda betyr for barna, det er òg noko av grunnen til at ho byrja å skrive historiene ned. Historiene hennar om korleis det var å vekse opp på ein liten gard i 50-åra, har vore populære i barnehagen i mange år. No er dei altså komne i bokform.
Forteljingane er lettleste, og det munnlege språket høver godt for opplesing, gjerne krydra med dei små ordforklaringane som står rundt omkring i boka. Dette er eit godt grep i og med at ikkje alle barn veit kva ei alpelue eller møkkakjerra er for noko. Historiene er også oversiktlege med kort tidsrom og få personar. Det fører til at også dei yngste borna lett kan fylgje med.
Teikningane er realistiske og er med på å bygge opp under handlinga utan å ta for mykje av fokuset. Det er framleis tekstane som får lov til å stå i sentrum. Teksten og den gode forteljarstunda.
Marie
Av Olaug Bjørndal
Illustrert av Anja Tveiterås
2009