Mamma til Gyri låser seg inn i dusjen og nektar å kome ut att. Mamma
blir verande i dusjen i dagar og veker, og medan dagane går, veks mamma
seg større og større. Pappa er inne og bles litt på ho i blant, medan
naboen klagar og Gyri ventar. Og til slutt skjer det vi anar vil skje:
Ut av mamma kjem det ein fin liten baby.
Ballongmamma er ei underleg bok. Ho er som ei boble, ikkje ulik den
bobla mammaa til Gyri lever i. Det handlar om graviditeten og
ventetida, noko familiemedlemene tilsynelatande opplever ganske ulikt. Boka har lagt alt det praktiske og pragmatiske til
side og formidlar meir stemningar og kjensler kring det uforståelege
mirakelet eit svangerskap kan vere. Ikkje alt som skjer i boka, gir
like mykje meining. Kvifor far bles på mor i dusjen, har underteikna
enno ikkje forstått. Men bilda og teksten kitlar meg og mine små
lesarar og får oss somme gonger til å boble over av lått. Denne boka
fungerer best når ein berre lèt seg flyte med.
Tekst: Siri Sandberg Meløy
Teikning: Motorfinger
Det Norske Samlaget 2009
Nynorsk