Ein sein ettermiddag i Revehiet barnehage vert barna uvenner. Dei kranglar og slåst, og alt er berre dumt. Ikkje så uvanleg kanskje? Men kva gjer ein når alle er trøtte? Kva kan dei vaksne gjere? Petter og Hilde i Revehiet barnehage veit råd; dei hentar Harriet som kjem med verktøykassen sin. Ein stor madrass på veggen må vere mykje betre å slå på, meiner dei.

Historia er lett å kjenne seg igjen i. Kven har ikkje opplevd at tolmodet renn ut og ein berre har lyst til å skrike og slå? Løysingane som kjem fram, er også lettvinte og gode. Her kan borna slå på puter og madrassar i staden for kvarandre. Men kanskje vert boka litt langdryg. Det går lang tid mellom dei ulike episodane, og løysingane vert kanskje litt vel like? Så mange episodar kan også gjere handlinga litt vanskeleg å fylgje med i.  

Men det kvardagslege og jordnære i forteljinga vil truleg mange av dei små like. Dette handlar om å løyse kvardagen sine utfordringar og om korleis vennskap kan bestå, sjølv om ein ikkje alltid er samde om alt. Det vil vere lett å finne historier frå barnet sin eigen kvardag som passar til temaet. Teksten er i ein pedagogisk tone utan at det nødvendigvis skremmer lesaren.

Teikningane er enkle og realistiske og gir eit godt bilete av handlinga. Kjekt er det også at personane er representerte i omslaget på boka, slik at borna lettare kan bli kjende med dei mange karakterane.

Oisann
Av Siv Widerberg og Cecilia Torudd
Omsett frå svensk av Sigmund Løvåsen
Samlaget 2009

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar