Eit nytt hefte om språkmiljø og språkstimulering blir i desse dagar sendt ut til alle norske førskulelærarar.
Heftet er utarbeida på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet av førstelektor Anne Høigård, universitetslektor Ingeborg Mjør ved Institutt for førskulelærarutdanning og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret, alle fagfolk ved UiS.
Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er trekt fram som eitt av fire prioriterte område strategien til departementet for kompetanseutvikling i barnehagen for perioden 2007-2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med innføring av rammeplanen er det utarbeidt fleire temahefte. Heftet om språk er meint som inspirasjon og grunnlag for refleksjon i arbeidet med å leggje til rette for god språkstimulering i alle norske barnehagar. Les meir på UiS
Her finn du temaheftet som pdf