– Trøbbel med å sove, Finn? Tigeren dukkar fram frå gøymestaden under senga så snart foreldra til Finn går inn i stova. Bestefar fortel at det er skumle dyr under sengene til alle born i heile verda; nokon har ein hoggorm, andre ei krokodille. Sjølv hadde han ein flodhest. Slike skumle dyr er alltid veldig snille, seier bestefar. ”Yo, Finn” helsar tigeren, ”kul togbane!” Når Finn ikkje får sove, fortel tigeren lenge og detaljert om favorittsporten sin, cricket…
Frode Grytten har løyst utfordringa frå forlaget Skald om å skrive ei ny nynorsk godnattforteljing for born med humor og spenning. I Godnattboka finn ein 22 historier med passeleg lengde for ei leggjestund. Fleire er tøysete og morosame som Grytten si, nokre er nifse, andre er lærerike, nokre er søte, og ei går an å syngje! Variasjonen over temaet å leggje seg og å drøyme er stor.
Halvparten av bidragsytarane skriv for born for første gong. Stor honnør til forlaget for eit kreativt utval av forfattarar! Det er spennande og imponerande å sjå kor godt nykommarane kjem frå det. Med etablerte og meritterte forfattarar som Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Einar Økland på same lag i forteljestafetten vil alle kunne finne seg nokre favorittar i denne samlinga.
I mange situasjonar treng vi som les for born, ei historie som ikkje varer så lenge. Eit kvarter, litt meir, litt mindre. Ei forteljing på samlingsstunda, ei leseøkt i matpausen, det kan vere ein fin måte både å starte og avslutte dagen på. Slike forteljingar finn du i Godnattboka. Dei kan godt lesast i dagslys og! I 2007 fekk boka nynorsk litteraturpris. Suksessen inspirerte forlaget til å satse på nytt. På eventyr!
– Denne gongen er alle forfattarane etablerte, for eventyrsjangeren er utfordrande, og eg har nok vore svært streng, fortel forlagsredaktør Simone Stibbe. – Det var mange som ikkje torde å prøve, og det var fleire som ikkje lukkast. Berre dei beste kom med. Dei første eventyra passar for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte, forklarar ho.  

-I Skald forlag fordeler vi prosjekta i forhold til kva bøker vi verkeleg brenn for, og kven som har mest engasjement for ei utgjeving. På den måten vert nesten alle bøkene våre hjartebarn, og Eventyrboka er mitt, smiler redaktør Simone Stibbe. Vi satsar stort på det visuelle. Gunvor Rasmussen har teikna eventyr i heile sommar! I tillegg er vi svært opptekne av korleis det kjennest å ha boka i handa. Vi ville at det skulle vere godt å halde i denne boka, så vi har vore nøye med val av materiale.  

– Lengst sør i Italia ligg Calabria. Spora etter eit hardt liv har gjort andleta til innbyggjarane barske og tilknappa. Men slik som våren kler det steingrå landskapet med gyllen gyvel, raude valmuar, kvite prestekragar og blomstrande sitronhagar, kan også calabresarane mjukne til og bli hjartelege i møtet med framande.

Eg er lengst bak i boka no. I eventyret om Kokken frå Calabria. Har lært at tiramisu er italiensk og betyr ”løft meg opp”. Det passar. Dette eventyret løftar lesaren. Du finn heilt sikkert også ein favoritt. Eg har forelska meg i kokken frå Calabria!

Janne Karin Støylen er litteraturmedarbeidar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. www.nynorsksenteret.no

 

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar