Litteraturformidlar ved Nynorsksenteret, Janne Karin Støylen, inviterer barnehagar til å søkja om Forsking- og utviklingsmidlar til forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid som kan styrkje nynorskopplæringa. – Har de tankar om eit kjekt prosjekt, må de søkja om midlar, oppmodar Støylen.

Lærarar, førskulelærarar, universitets- og høgskuletilsette og studentar som vil setje i gang FoU-arbeid, kan søkje om midlar hjå Nynorsksenteret. Nynorsksenteret kan tilby rettleiing på arbeid som vert sett i gang. Midlane kan variere i storleik alt etter omfanget på prosjekta. Fristen for å søkja er i år 15.april. Les meir om kva Støylen seier om barn og lesing på nashornet.

Lik Framtida.no på Facebook: