Vindafjord kommune lærer borna språk via leik. Det er Nynorsksenteret som står bak prosjektet Sprek i Språk, skriv lnk.no
Borna i Vågen barnehage i Ølensvåg var sist veke dei første som kunne ta i bruk dei ferdige språkkorta med songar, rim og regler, skriv lnk.no. Desse korta er baserte på ulike tema som barnehagane sjølve har samla inn, og er delt inn i ulike fagområde som for eksempel «Nærmiljø og samfunn» eller «Natur, miljø og teknikk», skriv Grannar.