Knut sit i trehytta si og er lei seg. Alle vennene har reist på sommarferie, det er berre han som må vere heime heile sommaren. Men så dukkar heldigvis Klara opp og tek Knut med seg på eit heilt spesielt eventyr. Plutseleg var det ikkje så kjedeleg lenger å vere heime i sommarferien.


Boka er ein del av Komet-serien for dei i aldersgruppa 6–8 år. Ho er oversiktleg og enkel å fylgje med i. Teksten er lettlesen og passar like godt for høgtlesing som eigenlesing for dei minste, noko som kan vere kjekt sidan ei bok som dette truleg kan bli eit vel stort prosjekt å kaste seg ut i åleine for ein 7-åring.

Teikningane er detaljrike. Dei skildrar ikkje berre historia, men klarer også å tilføre teksten noko nytt. Likevel har omslaget og uttrykket til boka noko forsiktig over seg. Biletet på framsida er tiltalande, samstundes som det skaper den gode stemninga. Men kanskje blir framsida litt for forsiktig med tanke på å kapre dei yngste lesarane?

Historia er både lun og varm. Dette er ei sterk forteljing om vennskap og om korleis ein kan oppleve det mest utrulege dersom ein berre har fantasi til det. Klarer ein det, er det ingen kunst å klatre opp på månen.

Av Eivor Vindenes
Illustrert av Helena Ohlsson

Lik Framtida.no på Facebook: