Gunnar, Bob, Siv, Mona, Varulven og Havfruen vil bu på planeten. Det er dei ikkje åleine om. Kvar dag dukkar det opp nye vesen som vil busetje seg der.

Hallo planeten er ei myldrebok, det vil seie at kvar einaste side kan studerast mange gonger, og kvar gong vil du oppdage noko nytt. Anna Fiske, som har skrive teksten og laga illustrasjonane, har tidlegare skriveHallo jorda! og Hallo byen!

Dei fargerike teikningane er naive og morosame, og det same er alt det rare som skjer på planeten. Du kan sjå flygande hus og juletre, ei hårklippande raud larve med svarte prikkar, ein grøn slange med kvite prikkar som er så lang som fleire gongar rundt planeten, smilande sol med solbriller og hunden Laika, som sjølvsagt også er med.

Vi får sjå kva som skjer i løpet av 15 dagar på planeten. Historia begynner ein måndag og held fram til og med tysdagen meir enn to veker etterpå. På den eine sida fortel forfattaren om noko som skjer, på den andre sida blir du beden om å finne visse ting på planeten. Oppsettet er fast og gjennomført, slik at du lett kan forstå korleis du skal lese og forstå biletboka.

Hallo planeten! har ei fantasiverd som både barn og vaksne lett kan setje seg inn i. Det som blir for bisart for dei vaksne, trur eg barna lett vil godta og le av. Hallo planeten! er ei bok som kan underhalde lenge.

Hallo planeten!

Av: Anna Fiske

Cappelen Damm 2010

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: