I Lei av Rosa møter me ei jente som ikkje er som alle andre jenter. Ho likar ikkje rosa, ho likar svart. Ho likar ikkje å leike med dokker, men derimot å klatre i tre. Mora kallar henne ei gutejente, og sjølv lurer ho på kvifor jenter ikkje kan like guteting og gutar jenteting.
Boka skildrar godt korleis det kan vere å vekse opp litt annleis enn dei fleste andre. Det er ikkje lett for jenta å kle seg ut som sjørøvar når alle andre jenter er prinsesser, akkurat like vanskeleg som det er for guten Karl å måle blomar på leikebilane sine. Me får vere med jenta i undringa over dette, at nokon har bestemt på førehand kva ho som jente skal like, og korleis ho skal leike. Det er eit godt og realistisk bilete.
Likevel blir dette litt lettvint for meg, og litt for pedagogisk korrekt. Kanskje blir skilnadene mellom jenta og dei andre jentene for tydelege? Og kanskje blir klisjeane litt for mange? Dei fleste barn er samansette og har fleire interesser. At nokre jenter er å rekne som gutejenter er greitt nok, men her blir kategoriseringa litt vel enkel. Likevel er dei tydelege kontrastane med på å gjere historia og bodskapen lett forståeleg, også for dei minste.
Illustrasjonane til Green får lov til å stå i sentrum i denne boka. Det fortener dei. Sterke fargar og ein personleg strek gir teikningane liv. Ikkje minst er ansiktsuttrykka spesielle, noko som er med på å byggje opp under handlinga.
Lei av Rosa
Av: Nathalie Hense
Illustrert av Ilya Green
Magikon Forlag