Denne biletboka er ei ekte fantasireise, der jentene Inga og Alma drøymer seg vekk i garnnøsta til Besta. Medan Besta sit i godstolen og strikkar, leikar nemleg jentene med garnet, og snart har kvart garnnøste blitt ein liten sau. Det blir både blå, rosa, svarte, oransje og lilla sauer. Og ikkje minst ei raud geit.

Jentene veit godt at garnet kjem av ull, og at ull kjem frå sauen. Men midt blant desse sauene er det ei ekte villgeit, ei raud villgeit. Alma og Inga prøver å fange geita, noko som blir ei ferd gjennom stova, kjøkkenet, badet og under bordet, heilt til geita blir eten opp av ei stor og farleg løve.

Boka har ei god historie, som inspirerer til fantasi og til at borna kan drøyme seg vekk i kvardagslege ting. Eit raudt garnnøste kan nemleg like enkelt vere ei ekte villgeit. Og å krype under stovebordet kan vere akkurat like vanskeleg som å vasse ei stor elv. Historia tek også opp spørsmålet om kva ull er, og kvar det kjem frå, noko som kan vere både nytt og overraskande for mange.

Teikningane er i friske fargar, og det er spanande å fylgje den raude tråden gjennom huset på leit etter villgeita. Tenk om ho er oppeten av ei ekte løve?

Raude, ville geiter

Astrid Grønsnes og Stina Langlo Ørdal

Samlaget

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: