Ein liten gut på sykkel, den rosa elefanten Ellef, ein pose med bollar og den skumle skogen på veg heim frå bakaren. Og kven kjem fram i skogen? Jo, dei grådige tuetufsane.

Det er ikkje berre berre å handle for mor heilt på eiga hand. Spesielt ikkje viss du må sykle gjennom ein høgreist og tett skog for å kome deg heim igjen frå bakeriet. Når du i tillegg har ein pose med velluktande, nybakte bollar i sykkelkorga, kan mykje skje.

Før lysluggen og elefanten Ellef kjem inn i skogen, er guten smilande, og den vesle elefanten sit trygt i sykkelkorga saman med bollane. Etter kvart som guten kjem lenger inn i den mørke skogen, byter dei plass. Elefanten blir stor og sterk og tek over syklinga, medan vesleguten sit på snabelen hans.

Det er fint og trygt ei stund, men så dukkar den første tuetufsen opp eit godt stykke inne i skogen. Ellef og vesleguten syklar så fort dei kan, men det dukkar opp stadig fleire tuetufsar, og desse tek dei igjen. Så dett guten og elefanten, og tuetufsane hiv seg over bolleposen. Ved hjelp av den råsterke elefanten klarer dei å kvitte seg med monstra. Når dei kjem heim, er det berre to bollar igjen i posen, men det gjer ingenting, synest mor.

Det første som slår meg, er kor nydelege og reine illustrasjonane i boka er. Den vesle, lyslugga guten med dei blanke, blå augene kan verke tiltalande på både små og store. Det er ikkje mykje tekst i boka, og nokre av sidene har ikkje tekst i det heile. Det gjer ingenting, illustrasjonane talar for seg sjølv. Ragnar Aalbu har både skrive den korte teksten og laga illustrasjonane til biletboka.

Ei søt lita bok om å vere redd for skog og mørke, ei redsle vi vel aldri veks heilt i frå?

Ville veier

Av: Ragnar Aalbu

Cappelen Damm 2010

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: