Nye norske peikebøker frå Kari Stai.

I år kjem det ut fire splitter nye peikebøker for dei minste. Bøkene handlar om dei to venene Mopp og Mikko, som elskar mat, køyretøy, dyr og ting. I dei to bøkene Pirion-redaksjonen har lese, blir vi med Mopp og Mikko på jakt etter variantar av mat og ting. Dei finn mellom anna gul mat, lang mat, søt mat, blå ting, mjuke ting og harde ting.

Det er forfattar og illustratør Kari Stai som står bak bøkene om Mopp og Mikko. Figurane hennar er bygde opp av sirklar, kvadrat og trekantar i sterke retrofargar. Tonen i bøkene er gjennomgåande positiv, og fargar og stil er med og leier oss gjennom Mopp og Mikko si nysgjerrige jakt frå side til side. Grepet med å la nokre figurar stikke halvvegs ut frå sida er med på å pirre nyfikna og lokkar lesaren til å bla vidare. Kva finn vi på neste side?

Bøkene avsluttar med spørsmål til lesaren, noko som forlenger bøkene ut i ein prat om kva vi sjølve liker og kjenner av ting og mat. «Kva for ting liker du?»

MogM_elskar_matMogM_elskar_ting

Mopp og Mikko elskar mat

Mopp og Mikko elskar ting

Av: Kari Stai

Det Norske Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: