Dei fleste norske barnehagar tilbyr digitale verktøy til barna og bruker dei i det pedagogiske arbeidet.

Det kjem fram i ei nasjonal spørjeundersøking om utbreiing, bruk og haldningar til digitale verktøy og spel i norske barnehagar. Her har ein sett på i kva grad barnehagane eig og bruker digitale verktøy, og kva dei blir brukte til. 98 prosent av barnehagane har datamaskiner, og 84 prosent av barnehagane bruker datamaskina som ein del av tilbodet til barna. Berre 2–5 prosent av dei spurde i undersøkinga var skeptiske til digitale verktøy.

Barnehagane som let barna bruke pc-en som ein del av tilbodet i kvardagen, bruker han for ein stor del til spel. Her opplyser barnehagane at dei helst bruker han til det dei opplever som pedagogiske spel. Barnehagane som tillet spel, meiner òg at barna bør ha pedagogisk rettleiing frå dei tilsette når dei speler. Undersøkinga syner at dei fleste tilsette føler seg kompetente til å bruke pc-spel som ein del av det pedagogiske arbeidet. Barnehagane som tilbyr pc-spel, er jamt over meir positive til bruk av pc-spel i barnehagen og har størst tru på at speling kan gje sosiale og språklege fortrinn for barna.

82 prosent av barnehagane i undersøkinga har eiga heimeside. Stort sett bruker barnehagane heimesida si til å informere foreldre og potensielle søkjarar om mål, visjonar og planar for barnehagen og til å formidle kontaktinformasjon og søknadsskjema.

Undersøkinga er ein del av prosjektet «Digitale objekts plass i barns sosiale og språklige danning i barnehagen» (DIGOB), eit forskingsprosjekt i regi av Høgskulen Stord/Haugesund. Heile rapporten kan lastast ned frå www.forskningsradet.no.

Lik Framtida.no på Facebook: