Førsteklassingane på Imsland skule har ikkje brukt blyant og papir i det heile teke dette skuleåret. Dei har bare brukt data. Lærar Bodil Imsland fortel at dette har vore ein suksess med tanke på både leseopplæring og rettskriving.
Kontaktlærar Bodil Imsland ved Imsland skule i Vindafjord kommune var på kurs på Bretvet kompetansesenter i Oslo i fjor vår for å lære å bruke eit nytt verktøy til å drive lese- og skriveopplæring med. Metoden går ut på at elevar allereie frå 1. klasse av bare skal bruke data, ikkje penn og papir.
– Dei får høyre bokstavlydane, og etter kvart orda og setningane, i øyretelefonane heile tida medan dei les og skriv. Eg har i løpet av dette året med første klasse opplevd at elevane knekkjer lesekoden tidlegare ved å jobbe på denne måten, fortel Bodil Imsland.
Ho er kontaktlærar for første og andre klasse ved Imsland skule, ein klasse som er slått saman på tvers av trinna og har sju elevar.
– Metoden kan fungere like godt i større klassar. Det som krevst, er tilgjengelege datamaskinar, øyreklokker og ein lærar som kan gå rundt og snakke med dei medan dei skriv, seier Imsland-læraren.
Lagar si eiga leselekse
Elevane hennar har brukt ein halvtime kvar dag på å skrive eigne tekstar.
– Etter at dei er ferdige med å skrive, må dei få tekstane retta før dei skriv dei ut. Tekstane blir nemleg nytta som leselekse, som dei skal lese høgt for ein vaksen heime, fortel Bodil Imsland.
– Dei skriv eigne tekstar ut i frå eit gitt tema. Det er jo litt koseleg, då, for eg blir godt kjend med dei. I tillegg kan dei også alle orda, og dei får ikkje ein ukjend tekst som leselekse. Dei er veldig stolte av å ha laga tekstar sjølve. I tillegg blir dei flinke til å skrive rett, held ho fram.
Ho peikar på at metoden også er individualiserande, ved at kvar elev jobbar på det nivået han eller ho er på.
– Det har eigentleg vore både enkelt og hektisk å undervise på denne måten. For elevane sin del så har dei allereie i løpet av første klasse lært seg å skrive med to hender på tastaturet, dei loggar seg på, finn Word-dokument, koplar opp programmet, finn rett skrifttype og storleik, lagrar dokument, lager mapper, skriv i pratebobler og kopierer bilete på Internett, fortel Imsland.
Byrjar med blyant i andre
Når elevane byrjar i andre klasse, byrjar dei å bruke blyant og papir i tillegg til datamaskin.
– Dei seier at dei får finare handskrift av å venta til dei går i andre klasse med å skrive for hand. Då er finmotorikken betre enn i første klasse. Det blir spennande å sjå, seier kontaktlæraren.
Imsland og Skjold skular i Vindafjord i Rogaland er pionerskular som prøver ut denne alternative lese- og skriveopplæringsmetoden som svenske Mona Wiklander er hjernen bak.
– Denne metoden er lite brukt i Noreg hittil, men i Sverige har dei fått gode resultat på nasjonale prøvar som ei følgje av denne måten å lære å lese og skrive på. Mitt inntrykk er at metoden fungerer veldig bra, også for dei svakaste elevane, slår Imsland fast.
Lærer lett med data
Mona Wiklander seier sjølv om den alternative opplæringsmetoden:
– Vi treng ikkje anna enn data. Vi treng ikkje bøker, vi treng ikkje papir, ikkje pennar. Barn skal lese kvar dag. Alle barn blir gode lyttarar. Dei bokstaverer seg fram, leiter seg fram på tastaturet og held på til dei klarer det. Det er fascinerande å sjå kor lett dei lærer ved å bruke datamaskinen.
Rektor ved Imsland skule, Marita Lindal Haug, melde skulen på prosjektet «Tidlig innsats» etter eit rektormøte i kommunen. Her blei rektorane fortalde om prosjektet som var oppretta av Statped Vest, eit spesialpedagogisk kompetansesenter i Bergen, av Bretvet kompetansesenter i Oslo og av KS, interesseorganisasjonen for norske kommunar.
– Eg er veldig glad for at eg melde oss på, for eg er veldig nøgd med resultatet av prosjektet. Det at vi vel å halde fram med prosjektet, seier vel litt om kor nøgde vi er. Eg vil også rose læraren som reiste på kurset og blei engasjert. Ho har gjort ein kjempejobb, som ho i tillegg har dokumentert gjennom ein logg, seier Imsland-rektoren.
Eit supplement og eit verktøy
Haug understrekar at prosjektet «Tidlig innsats» ikkje er ein ny opplæringsmetode, men eit supplement til tradisjonell lese- og skriveopplæring og eit verktøy til å lære å lese og skrive.
– Alle lesestimulerande aktivitetar må nyttast i tillegg, slår ho fast.
Ho rår skular som vil prøve metoden, til å nytte erfaringa som finst i skulen.
– Det må vere rutinerte lærarar, som har hatt første klasse før, som gjer denne jobben, seier Haug.
Ho fortel vidare at sjølv om det er Mona Wiklander som står bak ideen om talande tastatur, så var det Arne Trageton frå Stord som hadde ideen om å skrive seg til lesing, som metoden hans vert kalla. Trageton var førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen Stord/Haugesund før han pensjonerte seg.
Frå hausten av skal alle skulane i Vindafjord kommune bli med på prosjektet.