I Barnas eigne vitsar finst vitsar som passar for alle høve og alle typar humor. Ja, dei er for barn, men mange av dei er minst like morosame for vaksne. Ei ypparleg bok for ei hyggjestund med både barn og vaksne, med andre ord.

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk Barneblad. Nokre av vitsane er gode og gamle, medan andre er gamle og kanskje ikkje fullt så gode, men humor er jo personleg.

Vitseboka er delt inn i 10 kapittel etter tema, slik at viss du ønskjer å fortelje ein svenske-vits eller ein skule-vits, så kan du berre gå til kapittelet som har slike vitsar.

Sjølv lo eg best då eg las vitsane i kapittelet om dyr og grønsaker. Elefant-vitsar sluttar liksom aldri å vere morosame. Her er nokre døme:

Kva gjer elefantane når dei ikkje veit kor mykje klokka er?

Dei går inn i urskogen og ser etter …

Ein elefant måtte så veldig på do, og det var eit stort ærend. Ei mus var så uheldig å stå akkurat i nedslagsfeltet.

– Æsj, og så midt i auget …, sa musa.

Det einaste som eg har å utsetje på vitseboka, er at det av og til verkar som om redaktørane har hatt det litt vel travelt. Eg oppdaga fleire stader at dei hadde gløymd å ha med eit ekstra avsnitt, slik at eg allereie var langt inn i neste vits før eg forsto at det faktisk var ein ny vits.

Redigert av Nana Rise-Lynum og Ragnfrid Trohaug, illustrert av Anna Fiske

Samlaget, 2011

Lik Framtida.no på Facebook: