Endelig-bøkene har me også møtt tidlegare. Dette er robuste og gode peikebøker for dei minste. No kjem den svenske illustratøren Camilla Lundsten med to nye bøker i serien, nemleg Endelig småsøsken og Endelig bæsj.

  Desse bøkene er fargesterke, detaljrike og gode å halde i og ikkje minst bla i. Her møter me dei fargerike figurane Kanina, Veslefanten og Makkus. Og Mammafanten og Pappafanten. I Endelig småsøsken lurer Veslefanten veldig på kvifor mammafanten har fått så stor mage. Er det fordi ho har ete for mykje, tru? Men inni magen til mammafanten ligg det ei lita svart søster som skal heite Minifanten. Og Veslefanten gler seg til søstera kan vere med og spele fotball, eller endå betre, til ho kan stå i mål.

 

Peikebøkene til Lundsten handlar om kvardagslege hendingar og blir fortalde på ein måte som er lett å forstå, også for dei minste. Mange av borna vil kjenne seg igjen i Veslefanten som skal lære seg å gå på do på potta, og når Veslefanten går rundt og ventar på nye søsken.

Dei sterke fargane og den artige streken gir dessutan bøkene innhald heilt utan tekst, og gjer at forteljingane fungerer godt som eit av dei første møta dei minste får med bøker og litteratur. Dermed klarer teksten å utfylle teikningane på ein god måte.

Endelig småsøsken – Endelig bæsj

Av Camilla Lundsten

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: