Mopp og Miko elskar kjøretøy_Samlaget

Mopp og Mikko er to heilt nye figurar i norsk barnelitteratur. Dei opptrer i fire peikebøker for dei minste, teikna og ordsett av Kari Stai, som vi mellom anna kjenner frå bøkene Jakob og Neikob og Blodrik.

 

Mopp og Mikko er to glade og entusiastiske typar som likar å samle på ting. Kvar bok handlar om å fylle opp ei korg eller ein traktor med alt dei finn av kvart slag: Store og små kjøretøy, gule og søte dyr. Og på siste side kan barna vere med og seie namn på fleire kjøretøy og dyr.

 

Alt er halde i friske fargar og med små lokkebitar på somme av sidene som får oss til å lure på kva vi får sjå når vi blar om.

Mopp og Mikko elskar ikkje berre kjøretøy og dyr. Dei to første bøkene, som handlar om mat og ting som Mopp og Mikko elskar, finn du omtale av på www.pirion.no.

Av Kari Stai

Samlaget 2011

Lik Framtida.no på Facebook: