Børre er ikkje som alle andre spøkelse. Medan alle dei andre spøkelsa spøkjer i skogen som er mørkare enn mørk og audare enn aud, står Børre skjelvande igjen. Han likar ikkje skogen, og han føler seg altfor liten til å spøkje på desse store stadene som dei andre spøkelsa likar.
Med enkle teikningar og få ord følgjer me Børre på hans farefulle ferd gjennom skogen. Her møtar han mellom anna ein stor sluke-meg-slange, ein enorm kvele-meg-slange og ein kjempestor frese-meg-drake. Men Børre er smart, og klarar å komme seg gjennom heile skogen til han til slutt finn eit hyggjeleg lite slott å spøkje i. Her finn han ein konge og ei dronning som blir redde kvar gong han skremmer dei. Nå vil aldri Børre føle seg liten og utrygg igjen!
Klar, ferdig, spøk! klarar å formidle ei historie som er skummel og søt på same tid. Boka sine setningar snirklar seg frå ei side til den neste, slik at både lesaren og Børre lurer på kva som ventar rundt neste sving. Dei mørke, men samtidig leikne teikningane er med på å skape ei akkurat passeleg skummel stemning der ein sit i armkroken.
Det beste med denne biletboka er at alle kjenner seg igjen i Børre sine redslar, anten det er redsel for mørke eller redsel for å ikkje vera like god som dei andre. Med eit umoraliserande språk forstår lesaren likevel at det er heilt greitt å vera usikker, og at det ikkje gjer noko at ein føler seg liten av og til. Og så er det litt godt å få vite at til og med spøkelse kan vere litt redde i blant.
Klar, ferdig, spøk!
Av: Elizabeth Baguley
Illustrasjonar: Marion Lindsey
Samlaget (2011)