Dette er ei festbok for alle som brenn for barnelyrikk. 16 etablerte lyrikarar har skrive nye eller gjendikta eldre dikt. Og alt saman er illustrert av Øyvind Torseter, Inger Lise Belsvik, Akin Duzakin, Harald Nordberg og Hilde Kramer. Men så har ikkje boka låge ambisjonar heller, ho tar nemleg mål av seg til å bli den nye barnediktboka. På mange måtar vil ho truleg klare det.

Dikta har stor spennvidde i tema, form og i alderen på barna som dikta er retta mot. Her er fleire krevjande dikt som fører til at barna kan vekse med samlinga, samstundes som dei fleste kan finne noko som treff dei. Mange av dei yngste lesarane vil også ha minst like stor glede av dei grafiske grepa, ikkje minst er dialogen mellom teksten og illustrasjonane i mange tilfelle sterke og gode. Det er ikkje alltid det fungerer når sjølve teksten blir brukt som eit grafisk verkemiddel, men til dømes i diktet «De slemme slangene i Oslo» skrive av Cathrine Grøndahl klarer illustratør Inger Lise Belsvik å få teksten som slynger seg nedover sidene, til å fungere.

At det grafiske uttrykket varierer, gjer også samlinga variert og mangfaldig. Boka er tiltalande å sjå på. Du får lyst til å setje deg ned med samlinga når du blir møtt av ei framside som både er detaljrik, fargerik og har overraskande og kreative teikningar. Hilde Kramer sine fargesterke og samansette illustrasjonar er i tillegg eit høgdepunkt på den lyriske reisa.

Denne samlinga fungerer godt, både for høgtlesing og for dei av barna som ynskjer å lese sjølv. Høgtlesinga blir også forsterka av at dei minste kan fylgje rytmen og forma i dikta reint grafisk, slik vil dei også få forsterka den rytmiske opplevinga av dikta. Og kanskje vil nokon oppdage at eit dikt også kan vere utan rim og rytme?

Dette er ei diktsamling å ta med seg vidare.

Redaktørar: Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness

Mangschou 2011

Lik Framtida.no på Facebook: