Kanskje den raskaste mannen i verda har ei truse av brennenesle som brenn sånn at han alltid spring fortast? Kva med ein beibi med genser av mjølk, som drikk opp kleda? I boka Klara kan mykje rart om klede får me vite at ein kan lage klede av utruleg mange merkelege ting, som bambus, brennenesle, banan, kaffi, kokos, korn, mjølk og te.

 

Om morgonen står pappa og lurer på om han skal ta ull- eller bomullsbody på litlesystera til Klara. Klara synes det er merkeleg at det er forskjell på ull og bomull, og ynskjer å finne ut meir om kva ulike klede er laga av. Med hjelp av mamma og pappa finn ho ut mykje rart. Ho finn ut at plastflasker blir til fleece, ho finn ut at silke blir laga av ormespytt og ho finn ut kor mange sauer ein treng for å lage eit sofapledd. Likevel er det ingen av venene på Klara når ho fortel om det ho har funne ut. Heldigvis har Klara ei storesyster som hjelp ho med å finne bevis.

 

I Klara kan mykje rart om klede blir den unge lesaren tatt på alvor. Forfattar Teresa Grøtan gir foreldra til Klara oppgåva med å forklare dei innvikla prosessane med å produsere klede, og desse blir formidla i boka med eit vaksent språk. Det blir likevel gjort på ein slik måte at den gode historia ikkje forsvinn, og innimellom fakta om klede oppstår mange situasjonar ein kan kjenne seg igjen i. Sjølv Klara, som veit så mykje om klede, syntes det er kjeisamt når foreldra må jobbe så mykje som dei gjer og ho blir veldig lei seg når venene hennar ikkje trur på det ho fortel.

Med fargerike teikningar og ei lettlest historie er dette absolutt ei fin barnebok for høgtlesing, men også ei fin bok for borna å lese på eigenhand. Ikkje berre blir ein kjend med Klara og familien hennar, små og store vil også læra mykje ved å lese boka. Visste du at me har brukt klede av bomull i heile 7000 år, kanskje?

Klara kan mykje rart om klede

Theresa Grøtan

Samlaget (2011)

Lik Framtida.no på Facebook: