Denne boka er ei finurleg samling med små historier der den raude tråden består av språk og bokstavar. Her kan ein lese korleis små bokstavar kan endre alt saman, korleis noko lett kan bli misforstått, eller kor vanskeleg nokre ord er å seie.

 

Me møter Mikkel, som ikkje likar at storebroren Sondre har fått seg kjærast. Difor skriv Mikkel ei tekstmelding han kanskje ikkje burde skrive, til kjærasten hans. Me møter Ingrid, som er så forelska at ho skriv store I-ar med O-ar inni. O for Oliver. Og Fritz, som vil hjelpe dyra i Afrika.

Historiene er engasjerande og lette å leve seg inn i. Mange av dei vil passe godt til høgtlesing, samstundes som fleire av dei er ganske krevjande og vil passe best for dei litt eldre barna.

Ord og kjensler høyrer saman. Ofte kan det vere godt å setje ord på noko som er vanskeleg, litt rart eller berre dumt. Og somme tider kan orda vere sjølve døropnaren. Vesle Dunja har nett lært seg å lese, og no lærer ho farfar å lese. Farfaren har nemleg ikkje hatt tid til å lære seg å lese, han har vore omreisande og jobba med hestar. Då er det naturleg å lære seg å både skrive og lese ordet hest.

Dette er ei god bok for barna som skal presenterast for leseglede og skrivekunst. Desse historiene kan vise dei at orda kan vere til hjelp og til trøyst. Og ikkje minst at det er viktig å gjere språket til sitt eige.

Av: Erna Osland

Illustratør:Stina Langlo Ørdal

SKALD 2011

Lik Framtida.no på Facebook: