Ingrid Spilde si bok om korleis verda blei til, er ei bok som stiller alle dei store spørsmåla. Det første spørsmålet ligg i boktittelen, men fleire følgjer: Korleis kjem verda til å slutte å eksistere? Kor gammal er jorda? Finst det anna liv i verdsrommet?
Nysgjerrig på hvordan verden ble til er del av ein fagbokserie for barn om forsking og vitskap som har blitt gjeven ut i samarbeid med Noregs forskingsråd. Nysgjerrigper har over 80 000 medlemer over heile landet og er barnesatsinga til Forskingsrådet.
Dette er ei bok for unge forskarspirer, men delar kan også nyttast i undervisinga i skulen innan forskjellige tema, til dømes tyngdekraft, verdsrommet og geologi. Spørsmåla som blir stilte, er store og svara vanskelege å forstå, men likevel klarer Ingvild Spilde å skrive om dette med eit levande og forteljande språk.
Boka byrjar med å fortelje om «Det store smellet», eller «The Big Bang» om du vil. Spilde byrjar kvart kapittel med å stille spørsmål. Utover i kapittelet prøver ho å finne svara på spørsmåla. Illustrasjonane er klare og tydelege, særleg er illustrasjonen av universet i dag over to sider i det første kapittelet forteljande og interessant. Her får vi litt fakta om til dømes galaksar, sola, planetar, asteroidar, kontinent, atom og partiklar.
I det neste kapittelet fortel Spilde om Isac Newton og Albert Einstein og oppdagingane deira kring tyngdekrafta. Ho fortel også om andre vitskapsmenn som jobba med tyngdekraft som tema.
Vidare får vi høyre om mørk materie og jakta på denne, om stjerner, korleis forskarane ser bakover i tida for å finne ut kva som har skjedd og kva som kan kome til å skje, lysfart, teleskop, måneforsking og verdsrommet elles. Deretter går Spilde inn på jorda og ser på korleis ho har endra seg gjennom kontinent- og jordplatedrift. Her får vi høyre om jordskjelv og vulkanar, mellom anna illustrert gjennom vulkanen Eyjafjallajökull sitt utbrot i 2010.
Så er det jorda sin geologi som står for tur, før boka blir avrunda med spørsmålet om det finst anna liv i verdsrommet, om det finst andre univers der ute som vi ikkje kjenner i dag. Midt i boka finn vi i dessutan ei skildring av korleis ein forskar jobbar gjennom nysgjerrigpermetoden.
I tillegg til klare, teikna illustrasjonar blir det i boka Nysgjerrig på hvordan verden ble til også nytta nytt og gammalt biletmateriale. Dette fungerer fint og gjer at boka blir nesten som eit leksikon å rekne. Den forteljande teksten gjer likevel at dette ikkje blir keisamt teoretisk materiale som blir ramsa opp for lesaren. Ingvild Spilde har ei historie å fortelje.
Bok: Nysgjerrig på hvordan verden ble til?
Forfattar: Ingrid Spilde
Forlag: Mangschou, 2011