Med sine 70 sider er Når du går på ei bru ei bok ikkje berre om dei tekniske og teoretiske sidene ved bruer og brubygging, men òg ei bok om mennesket og historia vår, om livet før og nå, om ingeniørkunst, naturvitskap, politikk, samfunnsbygging, geografi, verdshistorie, vennskap og kjærleik.

Boka startar opp som eit oppslagsverk om bruer og brubygging, om tyngdekraft, berekraft, former og materiale. Så held boka fram med å fortelje om kva som må skje i eit samfunn for å få bygd ei bru. Her blir det fortalt korleis kommunar, fylke, storting og andre statlege organ fungerer.

Så får lesaren vere med under bygginga av Brandangersundbrua i Sogn og Fjordane, illustrert med eit rikt og forteljande biletmateriale.

Deretter kjem ein interessant faktadel, som fortel om ulike brurekordar i Noreg, Europa og verda. Denne delen kan vekkje interessa for å finne ut meir om dei forskjellige bruene, for her er det mange fantastiske byggverk.

Vidare fortel Erna Osland si brubok om bruer til forskjellig bruk og om kva som krevst av dei ulike bruene. Så får vi høyre om ulukker som har skjedd på bruer. Deretter blir bruer sett inn i ein historisk samanheng, der vi mellom anna blir kjende med litt av historia til London-brua, bruer i Venezia og Golden Gate-brua. I denne samanhengen tek Osland dessutan opp den vanskelege tematikken om ulukkelege personar som vel å ta livet sitt ved å hoppe frå bruer.

Osland skildrar elles korleis folk har busett seg på begge sider av bruer, og korleis nye samfunn og byar då har blitt til. Ho fortel om bruer mellom verdsdelar og land, om brua mellom Nord- og Sør-Korea som har vore stengt i femti år. Ho sluttar av med å skrive om oss menneske som brubyggjarar, ikkje i fysisk meining, men om dei usynlege bruene som byggjer vennskap.

Når du går på ei bru er ei god bok å bruke i undervisinga i skulen, særleg i samband med tema som tyngdekraft og konstruksjonar. Boka oppmodar også til å bruke praktisk øvingar for å illustrere brubyggjarkunsten. Ho kan også nyttast innan tema som samfunnsbygnad; om kommune, fylkeskommune og stat.

Sjølv om tekstinnhaldet til tider kan vere vel teknisk og vanskeleg, så klarer Erna Osland å gjere språket såpass forståeleg at også dei som ikkje er spesielt interesserte i ingeniørkunst og naturvitskap, kan klare å få med seg innhaldet. Illustrasjonane til Espen Friberg er tydelege, om enn tidvis kanskje litt fargelause.

Bok: Når du går på ei bru

Forfattar: Erna Osland

Illustrasjonar: Espen Friberg

Forlag: Mangschou, 2011

Lik Framtida.no på Facebook: