Historia i denne boka handlar om sola og månen, om kven som er best, som stråler mest og betyr mest for at andre skal vere glade. Og sjølvsagt går det ikkje månen sin veg. Han skin berre om natta, og då er det jo ingen som ser han. Men månen tenkjer ut ein plan som skal gjere at han overskuggar sola fullstendig og ein gong for alle viser kven av dei to som er best.

Går det bra, skal tru? Den spenninga får boklesaren ha til ho får bladd gjennom boka og sett sjølv.

Vi kan i alle fall avsløre at her er litt av kvart å lære om oss sjølve, om relasjonar og ikkje minst om solsystemet og stjernehimmelen, slik også andre har peika på.

Illustrasjonane i denne praktfulle biletboka består av små bilete og figurar som Elin Grimstad har klipt ut og sett saman til nokre nydelege kollasjar. Ifølgje forlaget har ho brukt ein teknikk som er mykje brukt innan animasjonsfilm, og som no for første gong er brukt i ei bok.

Personleg hadde eg i tillegg til dei vakre bileta stor glede av dei små, handskrivne titlane på bøkene i boka og ikkje minst dei små diktlappane til månen inne i boka og på innsida av omslaget. Det var òg fin lesnad!

Månen som ville lyse som ei sol

Tekst og bilete: Elin Grimstad (debutant)

Det Norske Samlaget 2012

Lik Framtida.no på Facebook: