Mari og Magnus er sysken og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko rart i barnehagen, alle smokkane er plutseleg borte. Kor kan dei vere? Og kven har teke dei? Mari og Magnus byrjar å leite, og til slutt finn dei smokkane på ein litt uventa plass.

 

Ruth Lillegraven debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Historiene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Den første boka om syskenparet Mari og Magnus kom i fjor, boka om smokketjuven er den andre boka i serien.

Mari og Magnus er ei historie som er lett å kjenne att og følgje med på, også for dei minste. Illustrasjonane er fargerike og levande og gir mange spanande tema å snakke om i tillegg til sjølve historia. Truleg passar bøkene best for dei mellom 3 og 6 år.

Historia viser oss at ein ikkje alltid treng vere liten for å trenge litt ekstra kos og merksemd. Det vil nok mange av dei litt eldre barna kjenne seg att i .

Mari og Magnus

Av Ruth Lillegraven og Inger Landsem

Samlaget

Lik Framtida.no på Facebook: