Det er ikkje alle prinsesser som sit på ei ert. Det er heller ikkje alle prinsesser som er rolege og beskjedne. Tvert i mot, det finst til og med prinsesser som har eige rockeband, det har iallfall Prinsesse Vera.

 

Prinsesse Vera har bygd seg ein stor scene, men ho treng nokon til å spele med og bestemmer seg for å samle saman sitt gamle rockeband; draken, skjelettet, trollmannen og prinsen. Alle saman vil gjerne vere med, men alle er også redde for at draken, som speler trommer, skal bli så ivrig at han sprutar flammar og brenn opp dei andre.

Boka er gjennomført, med store og fargerike teikningar der teksten har sin naturlege plass. Detaljane og ikkje minste fargevala gjer at historia og spenninga kjem godt til uttrykk gjennom illustrasjonane.

Dette er ei historie med klåre eventyrtrekk, ikkje minst ved gjentakinga av ei prinsesse Vera som stadig reiser ut for å finne nye venner, og den lukkelege enden på forteljinga.

Det er eit stort pluss at det fylgjer med ein CD med songar frå Prinsessens Rockeband.

Av: Per Gustavsson
Mangschou 2012

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: