Bøkene om Unni og Gunni er nye biletbøker for dei minste borna. I haust kjem bøkene Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. Den siste boka i serien, Unni og Gunni gjer det fint, kjem ut i 2013. I haust kjem dessutan bøkene som bokappar. Anna R. Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And.
Pingvinane Unni og Gunni er gode venner som prøver å finne gode løysingar på kvardagsproblem. Historiene og problemstillingane er enkle og lette å fylgje med i, også for dei minste barna. I boka Unni og Gunni malar skal vennene måle igloen sin og set i gong med å blande fargane dei treng. Dermed blir ikkje berre boka ei god historie, men også ei lærerik forteljing om korleis dei ulike fargane blir til. Og kva skal dei gjere når dei vil ut og reise? Fly på eit flygande teppe, sjølvsagt. Denne historia gjev gode forklaringar på omgrep som handlar om tid og reising. Bileta kan kanskje til tider bli litt einsformige, sidan illustrasjonane i stor grad er konsentrerte rundt pingvinane. Samstundes er figurane lette å kjenne att og ber historia på ein god måte.
Unni og Gunni Av: Anna R. Folkestad
Samlaget 2012